Med snøv og snøv og atter snøv siste døgna, har eg kapitulert... Har ikkje vore ute og gått tur eingong. No er det tid for innesyslar. Starta dagen med å slipe ned inngangsdøra på innsida, deretter salmiakkvask, og no har ho skifta farge frå mørk blå, til eggekvit. FOR ein forskjell! Dette har vore ein "to do" ting i årevis. Men... Etter at vi fekk varmepumpa, har dørene stått åpne døgnet rundt, og her frå bloggestolen min, ser eg akkurat ei snei av henne. Og irritasjonen har vakse i takt med arbeidslysta. No er det gjort! Men denne vannbaserte målinga dug ikkje til slikt. Har lagt to strøk, men vil ha skikkeleg oljemåling på det siste. Bilda i dag er av det vesle pianoet til draumetausa frå Emmas Verden, og noteark eg har kjøpt av Hilde H. Dette er meir min stil, enn den forrige boksen eg pynta. Svært fornøgd med notane av tova ull på toppen. Veit ei som blir glad når ho kjem frå skulen. Små boksar trengs visst i hundredevis for sånne små frøkener? ;)
DO - RE - MI frå meg til deg!
Trallar litt og feirer at besøkjande nummer tjue tusen stakk innom før i dag!





























