.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



tirsdag 8. desember 2009

Kromkakebakar på 88 år...

Eg er så heldig å ha gode vener som er godt opp i åra. Eg har alltid sett pris på eldre menneske, og veit at vi aldri kan lære for mykje av dei som har gått rundt på jorda før oss. Og når så ei av desse veninnene mine på 88 år fer auge på meg hastande forbi med fotoapparatet rundt halsen og hua på snei, og ropar at eg må kome og smake... :) Det er slike uplanlagde augneblikk som ein ikkje kan få for pengar... I dag stod kromkaker på dagsorden. Fleire sortar skal tryllast fram i løpet av veka. Ho hadde heldigvis att ei steikje når eg kom, slik at eg fekk sjå korleis ho arbeidde. Sterke, trena hender, med dreisen på det meste. Mormor brukte å lage slike kaker. Ho hadde eit kjøkken på størrelse med ein femøring, men med verdas største hjerte når det kom til gjestar og matlaging. Og resultata brukte å vere eventyrlege i smaken! Det var ikkje fritt for at eg høyrde stemma til mormor i kromkakeosen... Men no skulle eg få smake 2009 årgangen; og kakene var NYDELEGE! :)Viss eg blir nesten nitti, bur heime og bakar kromkaker, då skal eg vere lukkeleg! Ære være desse kloke menneska, som står på. og viser oss yngre at livet er til for å levast!














Så sånn i tilfelle du føler deg litt uopplagt til julebaksten... ;)
Ha ein fin tysdag!



post signature

mandag 7. desember 2009

Jul ved fjorden 7.desember

Hei alle gode bloggvener! Takk for at dokke kjem innom meg!  :) Eg vert så veldig glad av all responsen eg har fått dei siste vekene! Ubeskriveleg kjekt! :) Og så byrjar det å bli mange som har meldt seg på i trekninga om knaggrekkja også, ElinDesign :) Link finn du på innlegget under! Fordi eg er så glad for å ha dokke, gjer eg mitt beste for å ta gode bilder, og skrive litt tekst for å forklare litt om livet mitt. Eg kjem nok aldri til å blottleggje sjela mi heilt, men eg trur ein god blogg, er ein blogg som formidlar kjensler? Eg vil vise takksemda mi i dag, ved å ta dokke med ned til sjøen igjen. Ein nydeleg desember formiddag, før sola kom over fjellet inne i fjorden. Eg håper de kan kjenne brisen frå sjøen, fornemme bølgeskvulpa og dei salte dråpane som kysste meg i fjeset... Eg kjem aldri til å gløyme denne stunda! Tusen takk igjen til Maliva, som har laga hjertet med God Jul på. Kanskje fyrste gongen på tur ved fjorden? Len deg tilbake og kjenn stemninga; og som eg har sagt før, eg skulle ynskje dokke sat der saman med meg og såg sola kome over fjellkanten... Så frå meg til alle dokke...















Lyst til å sjå fleire bilder frå sjøkanten? Trykk HER :)



Med ein varm desemberklem frå meg!





post signature

søndag 6. desember 2009

MINNER OM GIWEAWAY :) Trykk på bildet for å leggje att ein kommentar, og bli med i trekninga på julaften! Finns KUN ei slik knaggrekkje :) Ho er laga av ei gamal fjøl frå eit 1800-t hus


Peparkakebaking andre søndag i advent











Tenn lys !

To lys skal skine for kjærlegheit og tru,
for dei som viser omsorg og alltid byggjer bru.
Må fangar få sin fridom og flyktningar ein heim.
Tenn lys for dei som gråter og dei som trøster dei.






lørdag 5. desember 2009





When you wish upon a star Makes no difference who you are
Anything your heart desires Will come to you
 If your heart is in your dreams No request is to extreme
When you wish upon a star As dreamers do
Fate is kind She brings to those who love
As sweet fullfillment of their secret drowns
Like a boat out of the blue Fate steps in and see's you through
 When you wished upon a star Your dreams come true
Fate is kind She brings to those who love As sweet fullfillment of their secret drowns
Like a boat out of the blue Fate steps in and see's you through
When you wished upon a star Makes no difference who you are
Your dreams come true



post signature

Husvask...

Då var laurdagen her igjen. Og endeleg er huset nyvaska. Min kjære hjalp meg i går, eg kan ikkje seie at det er yndlingsoppgåva mi, når ryggen ikkje er i slag. Men eg vil heller ikkje pynte, viss eg ikkje har fått vaska først! Men no har her skjedd saker og ting. Julegardina er klare, det er dei same som før, eg har berre festa zinkhjerter med julesløyfer på dei :) Stadig meir av julepynten finn vegen ned i fat og skåler. Eg er som kjent veldig svak for zink, og synes det er fint saman med sølv og kvitt. Men litt raudt er her også. Den vesle settekassa har fått plass i kjøkkenvinduet, med sandkakeformer, kremmarhus i hønsenetting, og små søte kjertelys. Ei gamal tråsnelle hadde også lyst å vise seg fram der. Alle andre gardin i hovedetasjen er av lin, og eg synes dette stoffet er fint til andre naturfargar. Dette er basisen i mi julepynting, som også ber preg av kongler frå lerk, gran og furu. Eg fekk ein spennande pakke i går frå "A mouse in a house", med metallsjablongar :) Desse var hyltøffe! Har allereie sett dei opp over ovnen. Etter kvart skal dei brukast både til det eine og det andre. Ellers er det kjekt at så mange allereie har meldt seg på GiveAwayen min! :) Viss du enno ikkje har meldt deg på, er det berre å leggje inn ein kommentar HER. Trekninga er ikkje før julaften.










Ha ein fortryllande laurdag! :)




post signature

fredag 4. desember 2009

GiveAway :) nesten 100 innlegg...





No har vi i alle fall kome til eit nytt innslag i "Elin gjer ting ho ikkje kan"! Dette skulle vere blogginnlegg
nr. 100, men etter opprydning i innleggslista, er det litt som manglar... :) Det ser eg mellom fingrane med! Og i den anledning vil eg gi vekk ei av mine fantastiske (her må vi smøre tjukt på!) knaggrekkjer! Her vist med julepynt :) Men som fersking i bloggverda, har eg litt lite kontroll på korleis eg skal gjere dette? Etter studering på andre bloggar; her er planen : Legg du att ein kommentar under dette innlegget, har du eitt lodd i trekninga. Viss du i tillegg linkar til sida mi, har du to. Er du i tillegg ein av mine kjekke følgjarar, får du tre :) Skriv i kommentaren om du linkar til meg, og om du er følgjar slik at eg enkelt kan lage ei oversikt! Eg er nemleg eit surrehovud! :) Trekninga skjer på julaften, for då fyller bloggen min 3 mnd.! :) Og kanskje når eg 5000 besøkjande før det? Husk på at du kan leggje inn ein kommentar, sjølv om du ikkje har blogg sjølv! Du trykkjer berre på anonym, men husk å skrive inn eit navn, og så må du sjekke i romjula om du har vunne! Dette blir moro! :) (viss nokon har lyst å vinne...) Knaggane og hjerta er forresten kjøpt hos verdas beste Anne i hennar draumebutikk "Emmas Verden". Eg kunne ha vore der kvar dag trur eg... 



Håper du vil vere med?





post signature

torsdag 3. desember 2009

Pakke i posten! :)

Eg skulle på fjelltur i dag, og hadde kava på meg fleire lag med klede. Kameraet var klart, og planane gode... Men så kom vinden. Isande kald gufsevind, som ikkje var planlagd. I tillegg skya det over; i det store og heile gjekk desse fantastiske planane mine i vasken. Men : eg er no like blid eg! :) For med alle dissa kleda, var det berre å gå ein tur i hagen! Og i går fekk eg verdas finaste pakke frå Hildegunn! Hespe design, og du verden kor glad eg blei! Einaste problemet var at pakken var så fin frå ytterst til innerst, at eg ikkje syns at eg kunne åpne han! Vakkert! Og så hadde den snille syerska lagt ved eit skjønt kremmarhus, med polkagrisar... Det var far i huset veldig glad for! Men hjerta er små kunstverk... Eg veit dei alltid vil vere spesielle for meg! Så no har dei blitt foreviga ute i den vakre desemberlufta, sjølv om vindkasta ikkje var heilt på mi side :) Tusen takk Hildegunn, for at du gjer oss andre så glade med handverket ditt!










Ha ein flott torsdag!





post signature

onsdag 2. desember 2009

Elin sine Zinkdraumar...

Dagen i dag har gått med på sjukehuset, mamsen har fått av gipsen, og eg stakk av til Langevågen etterpå... Skal tru kvar eg var då? ;) Vel, vel. :) Eg har innsett at eg er zinkavhengig. Eg veit ikkje om det finns ein kur... Men bilda tok eg i dag tidleg før eg reiste, så der er ikkje noko nytt på go`fjøla mi :) Eg dreg  forskjellege sånne gamle ting inni huset; denne har vore med oss i mange år. Likar så godt fargen på fjøla, og hola som har vore i henne i over hundre år... Gjer meg audmjuk, og får meg til å tenkje på at det har vore mange her før oss. Men eg forstår at lillebror trur det er ved! :) Ikkje alltid like enkelt å forstå mamma sin sans for gamle, rysta og til dels øydelagde ting. Pappa i huset hadde også meir rykningar i andletet før, enn no... ;) Han har nok funne ut at kreativitet medfører ein del merkelege gjenstandar i huset til tider. I morgen håper eg sola kjem, og at eg får vist alle vårt flotte vinterlandskap!
Fjøla har fått litt julepynt på seg, i kvitt og zink.











Det er allereie kveld den andre desember! Tida går så fort...
Kos dokke!





post signature

tirsdag 1. desember 2009

Julegåver

Hei alle kjekke bloggvener! Eg vil først takke for alle nydelege kommentarar og tilbakemeldingar som eg får dagleg her inne! Eg prøver å ta runden kvar dag, men ser at eg ikkje alltid kjem rundt! Dette ukjende bloggeuniverset har åpna seg opp; og det ser ut til at godheita ingen ende vil ta! :) Eg har ikkje akkurat vore plaga med god sjølvtillit, etter to år med sjukmelding, men kjenner no at eg skaper igjen! Og DET er ein kjempegod følelse! Og når ein har ein slik god flokk som står og heiar seg fram; så er det ei oppleving eg aldri ville ha vore foruten! I går var vi på julehandel, og av erfaring veit eg at eg må pakke inn og ordne opp MED EIN GONG eg kjem i hus. Viss ikkje har det ein tendens til å bli ståande i plastposar rundt omkring i huset. Dessutan brukar eg å pynte opp med pakkane :) Dei blir no reine kunstverka ofte, og då koser eg meg ved synet, før eg sender dei frå meg! :) I år (sorry tante- og onkelungar) blei det små pakkar. MEN ingen grunn til fortvilelse! Det ser berre så puslete ut... Men fint for meg å plassere i korger! :))) Ellers vart det no litt til ho mor sjølv, det er no så mykje LEKKERT i butikkane! I går handla eg på Mira Mira, og skal lage meg ynskjeliste der. Draumemannen datt av lasset før dette, så eg fekk ikkje vist han alt eg gjerne vil ha på julaften. (kanskje like bra...) Vi brukar å kjøpe mest til ungane, men i år har eg forlangt at vi også skal overraske kvarandre! Her er det winterwonderland i dag, med gløtt av sol og glitrande snøvkrystallar. Draumetausa blir vel knapt å sjå etter skuletid; borna i nabolaget er heilt elleville over den kvite dyna som la seg over oss i går kveld og i natt. No er det meldt kulde og sol neste 10 dagane. HÅPER det  varer heilt til jul... Her har ikkje vore skikkeleg kvit jul på mange år. Og til slutt; gratulerer storesyster! Hipp Hurra for deg som har dag i dag! :)

















Ha ein flott 1.desember!





post signature