.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



tirsdag 1. desember 2009

Julegåver

Hei alle kjekke bloggvener! Eg vil først takke for alle nydelege kommentarar og tilbakemeldingar som eg får dagleg her inne! Eg prøver å ta runden kvar dag, men ser at eg ikkje alltid kjem rundt! Dette ukjende bloggeuniverset har åpna seg opp; og det ser ut til at godheita ingen ende vil ta! :) Eg har ikkje akkurat vore plaga med god sjølvtillit, etter to år med sjukmelding, men kjenner no at eg skaper igjen! Og DET er ein kjempegod følelse! Og når ein har ein slik god flokk som står og heiar seg fram; så er det ei oppleving eg aldri ville ha vore foruten! I går var vi på julehandel, og av erfaring veit eg at eg må pakke inn og ordne opp MED EIN GONG eg kjem i hus. Viss ikkje har det ein tendens til å bli ståande i plastposar rundt omkring i huset. Dessutan brukar eg å pynte opp med pakkane :) Dei blir no reine kunstverka ofte, og då koser eg meg ved synet, før eg sender dei frå meg! :) I år (sorry tante- og onkelungar) blei det små pakkar. MEN ingen grunn til fortvilelse! Det ser berre så puslete ut... Men fint for meg å plassere i korger! :))) Ellers vart det no litt til ho mor sjølv, det er no så mykje LEKKERT i butikkane! I går handla eg på Mira Mira, og skal lage meg ynskjeliste der. Draumemannen datt av lasset før dette, så eg fekk ikkje vist han alt eg gjerne vil ha på julaften. (kanskje like bra...) Vi brukar å kjøpe mest til ungane, men i år har eg forlangt at vi også skal overraske kvarandre! Her er det winterwonderland i dag, med gløtt av sol og glitrande snøvkrystallar. Draumetausa blir vel knapt å sjå etter skuletid; borna i nabolaget er heilt elleville over den kvite dyna som la seg over oss i går kveld og i natt. No er det meldt kulde og sol neste 10 dagane. HÅPER det  varer heilt til jul... Her har ikkje vore skikkeleg kvit jul på mange år. Og til slutt; gratulerer storesyster! Hipp Hurra for deg som har dag i dag! :)

















Ha ein flott 1.desember!





post signature

8 kommentarer:

Marianne With Nor sa...

Så fine gaver! Ser ut som du har kosa deg, du og. Deilig med jul ja! Håper berre snøven held seg.
Klemmer

Sjova sa...

Så nydelege bilete! Skikkeleg god jolestemning:-)Eg har så lite raudt til jol, men er jo vakkert! Må gjere noko med det...Og ja, sno er flott, alt blir så reint og ljost. Ønskjer deg ei god advent, og takk for hyggeleg kommentar.

Refleksjon på livsvegen sa...

Så flott innpakking..
Berre synet kan gjere ein glad ;-)

Beate sa...

Du er på min topp 5 av novemberfavoritt listen min. Takk for at du blogger, jeg koser meg her inne :)

Mitt hvite hus sa...

ÅÅÅ som du har kost deg..nydelige bilder som alltdi her hos deg...


Nyt desember dagene...

Klemmer Kerstin

My home is my Castle sa...

Det er nesten synd på åpne alle disse vakre pakkene dine :))
Nydelige bilder igjen fra deg...

Klem,Kari

lisje astrid's husblogg sa...

Sååå enig med deg:)Dette "landet " er herleg:)Kjempe bra at du er i "siget" igjen:)
Lekre bilder hos deg(som vanleg:)
Eg brukar og å pynte med gavene før dei leverast ut;)Ser pynt i det meste:)Hehe:)
Spennande med avisa ja:)
Klem frå Astrid som ønskar deg ei flotte veke:)

kjersti sa...

Så fine gaver og innpakking:)
Takk for tips om zinktønna:)
Var litt morsomt at det var fra den butikken, for jeg sendte en forespørsel dit på fredag om en lysestake faktisk:)

Klem