.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



mandag 30. november 2009

TV utfordring frå Anetteshus

Anette la ut ei utfordring sist veke, om å vise fram tv`ar i huset ditt. Eg må ærleg innrømme, at eg har hoppa over denne stoveveggen med vilje kvar gong rommet har blitt tatt bilde av til bloggen... Men her er det berre å bykse i det, sjølv om eg synes krypemetoden er meir interiøraktig... Vi har ein 47" Samsung TV. Fantastisk å sjå film på, og det likar vi alle fire. Vi forutsåg ikkje kvar elektriske punkt burde vere for ti år sidan. Så støpsla er akkurat der dei ikkje burde vere... Og så har vi for lite av dei. Men ligg vi her og gret for det? Nei, her er vi så oppfinnsame som vi kan! Ein lang TV benk frå IKEA løyste problemet. For alle dei "heilkvite" der ute, er nok dette eit sjokk... Men her i huset, med innslag av svartmåla, gamle gjenstandar, er møbelet kjøpt etter år med leiting... Den blanke overflata speglar stova i eine bildet, og går i eitt med finishen på TV`en. Pianolakk er ikkje så praktisk m.t.p. riper, og er håplaus å halde støvfri. MEN vi er fornøgde med resultatet. Viss eg skulle velge ny løysing, måtte det vere ei kvit skåp frå RM, til å putte heile herligheita inni. Men enn så lenge, får den svarte, blanke benken gjere si nytte :) Zinkhuset står ved sidan av benken til vanleg, men eg synes det er så fint med svart og zink! Ved sidan av heng to bildetrykk, og over ei oldergamal fjøl frå stovehusa til tipp-tippane mine. Lenkja frå Wallas Verden er eg kjempefornøgd med, og ho har fått julepynt i klypene sine. "-har du hengt veden opp på veggen?" ville veslebror vite, når fjøla kom opp... Han er stadig fortvila på mamma`n sine påfunn ;) Den vesle skåpa til høgre, har eg bygd sjølv av gamle materialer. Vel; det var vår digre, lite vakre TV koloss, som vi er så glade i! :) Utfordringa sendast vidare!







Nyt siste november! :) Eg vakna til premie frå Maliva! Eg er så kjempeglad! Bilde øverst til venstre! Tusen Takk!

(eg er på julehandel med min kjære Mc.Dreamy i dag, eller Draumemannen om du vil...)




post signature

6 kommentarer:

Marianne With Nor sa...

Nok ein gong flotte bileter frå det flotte huset dokka! Digger deg!
Klem

My home is my Castle sa...

Stilig og kjempefint :))
Måtte le av kommentaren til sønnen din haha :))
Herlig !!

Ha en fin dag
Klem,Kari

ANETTESHUS.COM sa...

Hei, Elin! Så gøy at du tok utfordringen!! En kjempe-fin løsning, synes jeg! Knaggrekken og den hjemmesnekrede hyllen av gamle materialer var kjempe-sjarmerende og en flott kontrast til alt det svarte:) Stilig!

Ønsker deg og dine en strålende førjulestid!!

Stor klem
Anette:)

Anonym sa...

Hei Elin!
Synes det var kjempeflott med den svarte benken jeg. Og den rkvedplanken din fikk jeg litt lyst til å kopiere. Vet bare ikke helt hvor jeg skal ha den;)
Vi får nok våre tradisjoner etter hvert vi også. Kunne bare ønske at det skjedde noe i Colombia snart. For tre år siden så mistet 6 stykker på 8 måneder. Det var utrolig tungt, med tanke på at dette ikke var gamle mennesker heller. For å si det sånn. Både jeg og min kjære mistet pappaen vår, i tillegg til de andre. I år så gikk svigermor bort, så det blir veldig rart å feire jul uten henne. Gruer meg litt til tankene, selv om jeg skyver de litt bort.
Æsj, vil ikke bli deppa her. Det snør ute og jeg er i julestemning.
Ha en flott dag i dag.
Elinklem!
PS: likte kommentaren til sønnen. Hahahaha...

Refleksjon på livsvegen sa...

Stilig Elin!
Likar blandinga di av nytt og gamalt;-)
Tank 1.des i morgon, 24 små dagar til Julaftan. Ja, dei er små, for det vert så fort mørkt, he-he. Og midt i den kalde, glade joletid snur sola og vi går lysare dagar i møte...

Ingunn sa...

Så flott da. Stor TV og sort blank benk under. Akkurat som vi har :)

Klem Ingunn