.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



torsdag 15. april 2010

Pink inspiration, pink dreams...








And then she fell asleep with sweet dreams...

Og kvifor ROSE? Det er initialane til oss som bor her ;)


Trimtur i askedryss, og meir JDL... ;)


Ja, for det står på internett at det regner meir p.g.a. vulkanutbrotet på Island? I alle fall grått og regn her på Sunnmøre i dag, og ikkje særleg freistande å ta på joggesko. Men ut skal eg! Kjekt då å finne ein fin fin award før eg starta, og å få ta nokre bilder, framleis med inspirasjon frå Jeanne d`Arc Living :) Etter ein mildt sagt uinspirert periode, ser det ut til at kameraet vil bli brukt flittig igjen. Og det kjennes godt. Så den som vil vere med, må berre henge på. Blir nok eit større innlegg seinare i dag. Angåande jobbtilbod, har eg fått fleire henvendelsar siste tida. Alle på grunn av bloggen. Om dei blir noko av, gjestår å sjå. Planen er å arbeide med litt ulike ting fram mot sommaren. Startar på første prosjekt neste veke, og GLEDER meg stort! :)




Awarden er frå Fro med bloggen Idyll på landet, eg setter stor pris på henne, og hennar alltid så koselege kommentarar! Ta deg ein tur innom! Eg har ikkje vore flink å gje awardar vidare i det siste, og det har eg dårleg samvet for. Men denne vil eg gje til ei dame som alltid får meg til å føle at bloggen min er vel verdt alt strev, som overbeviser meg om at eg har noko å gi. Som er innom uansett, og som nok kjenner meg betre enn dei fleste andre i bloggverda. Denne er til deg Edda! :) Takk for at du deler alle skattane du finn på din veg! Anbefaler eit besøk innom hennar nettbutikk også, link finn du til venstre på sida!


Ynskjer alle ein flott torsdag, med eller
utan askedryss på skuldrane! :)



onsdag 14. april 2010

Vårinspirasjon Jeanne d`Arc Living


I ettermiddag har eg fordjupa meg i nyaste JDL, og eg er som vanleg svært oppfinnsam i etterkant av slike lesestunder. Det er som om eg ser alle ting i eit nytt lys, og får idèar som aldri har steifa hovudet før. Eg er enno berre halvvegs i bladet (heldigvis), men måtte ta nokre bilder i gledesrusen... ;) Håper at nokon kjenner stemninga eg har inni meg no, ved hjelp av bilda. Det er dette som er hovedmålet mitt med blogginga; å kunne dele inspirasjon og følelsar med alle dokke der ute!





No skal eg lese litt vidare :)



Lilla &. Zink






Med ynskje om ein vakker onsdag! :)


 

tirsdag 13. april 2010

TIKK TAKK ...










:) For ein fin start på dagen!




Solveig med bloggen Svingens lille hus, hadde tenkt på meg med ein bloggaward i dag! Eg vart veldig glad! Tusen takk! Eg vil gje denne awarden vidare til dei jentene som laga rim til meg! For det var beundringsverdig! Eg setter SVÆRT stor pris på dokke!

Bruk dagen fornuftig, det skal eg :)


mandag 12. april 2010

Etter solnedgang...





Some inspiration :)







 


søndag 11. april 2010

Vinnar-rimet :)




Hej Vännen och en stor GRATTISKRAM från Sverige och ett försök till ett rim.....

I Norge jag min drömblogg fann
hos Elins så duktig och så grann
Du mig många lyckliga stunder ger
när jag alla dina vackra bilder ser
Du har ett hem som är så flott
GRATTIS till alla besökare och må så GOTT!

Kramar Raina
10. april 2010 16.16



Kjære Raina (Stenlycka)! Du gode bloggevenn! :) Det vart du som vann konkurransen min! Tusen takk til alle herlege damer med flotte rim! Hadde ikkje trudd at så mange kasta seg rundt og vart med! Bilda frå søndagsturen vår av årets første kvitveis og krokus, er til dokke alle! Men spesielt til Raina! Og ho skal også få noko som eg skal lage i løpet av nokre dagar. Fortsettelse fylgjer! ;)

Med ynskje om ei flott veke til alle der ute! Nyt våren!


Lyst å vere med?






Gå inn på innlegget under for informasjon!