.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



onsdag 14. april 2010

Vårinspirasjon Jeanne d`Arc Living


I ettermiddag har eg fordjupa meg i nyaste JDL, og eg er som vanleg svært oppfinnsam i etterkant av slike lesestunder. Det er som om eg ser alle ting i eit nytt lys, og får idèar som aldri har steifa hovudet før. Eg er enno berre halvvegs i bladet (heldigvis), men måtte ta nokre bilder i gledesrusen... ;) Håper at nokon kjenner stemninga eg har inni meg no, ved hjelp av bilda. Det er dette som er hovedmålet mitt med blogginga; å kunne dele inspirasjon og følelsar med alle dokke der ute!





No skal eg lese litt vidare :)



Lilla &. Zink






Med ynskje om ein vakker onsdag! :)


 

tirsdag 13. april 2010

TIKK TAKK ...










:) For ein fin start på dagen!




Solveig med bloggen Svingens lille hus, hadde tenkt på meg med ein bloggaward i dag! Eg vart veldig glad! Tusen takk! Eg vil gje denne awarden vidare til dei jentene som laga rim til meg! For det var beundringsverdig! Eg setter SVÆRT stor pris på dokke!

Bruk dagen fornuftig, det skal eg :)


mandag 12. april 2010

Etter solnedgang...





Some inspiration :)







 


søndag 11. april 2010

Vinnar-rimet :)




Hej Vännen och en stor GRATTISKRAM från Sverige och ett försök till ett rim.....

I Norge jag min drömblogg fann
hos Elins så duktig och så grann
Du mig många lyckliga stunder ger
när jag alla dina vackra bilder ser
Du har ett hem som är så flott
GRATTIS till alla besökare och må så GOTT!

Kramar Raina
10. april 2010 16.16



Kjære Raina (Stenlycka)! Du gode bloggevenn! :) Det vart du som vann konkurransen min! Tusen takk til alle herlege damer med flotte rim! Hadde ikkje trudd at så mange kasta seg rundt og vart med! Bilda frå søndagsturen vår av årets første kvitveis og krokus, er til dokke alle! Men spesielt til Raina! Og ho skal også få noko som eg skal lage i løpet av nokre dagar. Fortsettelse fylgjer! ;)

Med ynskje om ei flott veke til alle der ute! Nyt våren!


Lyst å vere med?






Gå inn på innlegget under for informasjon!


lørdag 10. april 2010

Kreativ feiring av 30.000 besøkjarar! Skriv eit rim til meg!


Ops! Eg skulle no lage til noko kjekt i anledning tretti tusen drøymarar her inne... Men denne teljaren lever sitt eige liv? Det ser ut som om det magiske talet kjem til å passerast i dag. Her er mi kreative feiring :

Dersom du legg att ei helsing under dette innlegget, og skriv henne på rim, er du med i trekninga av something home made :) Eg velger ein vinnar i morgen kveld klokka 23.00. Rimet blir publisert i nytt innlegg, og eg linkar sjølvsagt til vinnaren :)

Bilda i dag er frå kjøkkenet, dei gamle stolane mine har fått midlertidig nye trekk. Vurderer å bruke desse linstoffa på seta. Kjøpt hos Franciska. Veldig vakre! I bakgrunnen står eitt av fleire nyanskaffa vindu.






Ha ein fin laurdag! Her skal hagen ryddast! :)



fredag 9. april 2010

Inn med lyset! :)




Hjelp! Plutseleg var her ein vegg mindre! :) Og lyset strøymer inn! Ovnen som berre skulle stå her nokre år (for elleve år sidan) er ENDELEG ute! Og det skjedde så fort at eg har litt sjokk. Men eg hadde ikkje forutsett at huset skulle forandre seg så mykje! Eg elskar å sitje i bloggestolen min, og kunne sjå rett ut på kjøkkenbordet! Gleder meg veldig til å få ordna til igjen, og flytte på ting... He-he... Nokon som kjenner seg igjen der? Forandring fryder verkeleg! Vi skal byggje opp att ein murvegg, og putte inni ein ny ovn.
Draumeinnsatsen heiter Rais 2:1, og er ALT for dyr. Så no får vi prøve å finne eit alternativ.

Her er likevel eit lånt bilde av herlegheita...




Kos deg i helga!