.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



mandag 13. september 2010

Bli med til min "nye" blogg! I have a "new" blog :)



Har rydda litt opp i forholdet mellom min gamle og nye blogg, og innser at kanskje mange av mine gamle følgjarar, ikkje veit at eg bloggar fortsatt? Legg difor inn denne informasjonen, og viss du trykkjer HER, kjem du inn til Draumeverda mi :) Legg deg gjerne til som følgjar igjen :)

Hello! I have been organizing stuff, and realized that many of you don`t know that I`m still blogging :) You can find my new Dreamworld using THIS link.

Maybee you want to follow me?



fredag 16. april 2010

Franske sitronar...


Og så har ho Elin leika seg aldri so lite igjen... Med franske undertonar, og gule sitronar. Trekassa er kjøpt hos Emmas Verden. Det er også zinkbokstavane som eg har vist i tidlegare innlegg. Kjempefine ting å pynte opp med. Kassa mi står i det store skåpet på stova til vanleg, men kan like godt brukast utandørs. Eg har blitt kjempeglad i å flytte rundt på ting i huset. Når eg vaskar, er det stadig eitt og anna som får seg ein ny opphaldsstad. -du flyttar alltid på ting, du mamma! Sukkar veslemor oppgitt. -men eg likar det altså, legg ho trøstande til ;) Det er fredags kveld. Håper at du har funne roa, og at helga di blir fin. Her snøva det før i dag, så våren har tatt ein aldri så liten pause. Men vi må leve i håpet.
Difor var knallgule sitronar ein god ting å fotografere i dag :)






Takk for alle utruleg fine ord og smil dokke har gitt meg i dag! Eg er overvelda over alle kommentarane under det forrige innlegget mitt!

God klem til alle,


Om å vere seg sjølv


Eg har ALLTID hata å bli tatt bilde av. Eg har alltid tatt bilder av andre. Til og med etter barnefødslane, er det eg som har fotografert. -Elin, nei det er bra med henne! Ho tar bilder no! (tlf.smt.etter sist fødsel, far gløymde å nevne stinga som held på å bli sydd, medan mor fotograferte...) ;) Bilde eller ikkje på bloggen? Forstår at dette også er noko som mange meiner noko om. Eg har hatt bilder. Men har sletta nokre i etterkant. Det er liksom skummelt å blottleggje seg for mykje. Har ikkje behov for det heller. Men så synes eg at det er kjempekjekt å sjå bilder av dokke andre. Å ha eit fjes bakom dei kjekke kommentarane. Og i dag kler eg meg naken for hogg. For i dag vil eg skrive om å vere seg sjølv. For ein bør tøre å vere seg sjølv. Og i mitt tilfelle, er det bloggen som har åpna augene mine igjen. Dei har vore åpne før, men så skjedde det så mykje i livet, som gjorde at det var meir behageleg å late dei att. Etter fleire år med dårleg sjølvtillit, og mykje sjukdom slapp eg lite lys inn. Men no myser eg mot verda igjen. Litt usikker, men med eit klarare mål for kvar dag. Nemleg eit liv som gjev meg lukke, og energi. Ein bør alltid søkje eit liv, der ein kan kjenne på desse kvalitetane innimellom. Kanskje ikkje heile tida, men av og til. Det er i alle fall målet mitt no. Det er ikkje sikkert at ein blir rik av denne lukka, men ho kan heller ikkje kjøpast for pengar.

Eg hadde ein kjempegod ven for nokre år sidan, Oskar. Han var godt vaksen, men starta som freelancefotograf for diverse aviser. Han vart ein mentor for meg, og lærte meg uendeleg mykje om livet. Eg fekk kjenne han nokre år, før han døydde hausten 2005 av kreft. Eg saknar han. Og eg vonar at det finns ein himmel, og at Oskar smiler når han ser meg krype rundt med kameraet på snaue svaberg, i høge brøytekantar og i merkelege positurar her inne i huset. For Oskar hadde så mange draumar, og realiserte ein etter ein, før han døydde. Og han sa så ofte til meg: -ikkje bry deg om kva andre synes Elin, ver deg sjølv!

Eg har eit langt liv framfor meg, og kjenner at det er på tide å vere meg sjølv att. At eg finn styrke til ikkje å bry meg om kva andre meiner, å kunne realisere draumar og behalde håpet. Livet er ikkje enkelt. Tvert imot. Men det er i motbakke det går oppover. Eg håper at du også har styrke til å bli den beste du kan vere. For vi fortener lukke alle saman, og så blir vi ei betre utgåve av oss sjølve, viss vi opplever henne! Og husk alltid på, at du vil aldri vere den beste for dei rundt deg heller,
viss du ikkje har det godt med deg sjølv... 

Så stå på, og husk alt du har å vere glad for kvar einaste dag, men tillat deg sjølv å strekkje deg etter nye mål i framtida! Det nest beste treng ikkje alltid å vere godt nok...

Berre du er du, så unik, sterk og vakker! Difor kan du lukkast!

Eg ynskjer deg ein lysande, fin dag, Carpe Diem!



torsdag 15. april 2010

Pink inspiration, pink dreams...








And then she fell asleep with sweet dreams...

Og kvifor ROSE? Det er initialane til oss som bor her ;)


Trimtur i askedryss, og meir JDL... ;)


Ja, for det står på internett at det regner meir p.g.a. vulkanutbrotet på Island? I alle fall grått og regn her på Sunnmøre i dag, og ikkje særleg freistande å ta på joggesko. Men ut skal eg! Kjekt då å finne ein fin fin award før eg starta, og å få ta nokre bilder, framleis med inspirasjon frå Jeanne d`Arc Living :) Etter ein mildt sagt uinspirert periode, ser det ut til at kameraet vil bli brukt flittig igjen. Og det kjennes godt. Så den som vil vere med, må berre henge på. Blir nok eit større innlegg seinare i dag. Angåande jobbtilbod, har eg fått fleire henvendelsar siste tida. Alle på grunn av bloggen. Om dei blir noko av, gjestår å sjå. Planen er å arbeide med litt ulike ting fram mot sommaren. Startar på første prosjekt neste veke, og GLEDER meg stort! :)




Awarden er frå Fro med bloggen Idyll på landet, eg setter stor pris på henne, og hennar alltid så koselege kommentarar! Ta deg ein tur innom! Eg har ikkje vore flink å gje awardar vidare i det siste, og det har eg dårleg samvet for. Men denne vil eg gje til ei dame som alltid får meg til å føle at bloggen min er vel verdt alt strev, som overbeviser meg om at eg har noko å gi. Som er innom uansett, og som nok kjenner meg betre enn dei fleste andre i bloggverda. Denne er til deg Edda! :) Takk for at du deler alle skattane du finn på din veg! Anbefaler eit besøk innom hennar nettbutikk også, link finn du til venstre på sida!


Ynskjer alle ein flott torsdag, med eller
utan askedryss på skuldrane! :)



onsdag 14. april 2010

Vårinspirasjon Jeanne d`Arc Living


I ettermiddag har eg fordjupa meg i nyaste JDL, og eg er som vanleg svært oppfinnsam i etterkant av slike lesestunder. Det er som om eg ser alle ting i eit nytt lys, og får idèar som aldri har steifa hovudet før. Eg er enno berre halvvegs i bladet (heldigvis), men måtte ta nokre bilder i gledesrusen... ;) Håper at nokon kjenner stemninga eg har inni meg no, ved hjelp av bilda. Det er dette som er hovedmålet mitt med blogginga; å kunne dele inspirasjon og følelsar med alle dokke der ute!





No skal eg lese litt vidare :)



Lilla &. Zink






Med ynskje om ein vakker onsdag! :)


 

tirsdag 13. april 2010

TIKK TAKK ...










:) For ein fin start på dagen!




Solveig med bloggen Svingens lille hus, hadde tenkt på meg med ein bloggaward i dag! Eg vart veldig glad! Tusen takk! Eg vil gje denne awarden vidare til dei jentene som laga rim til meg! For det var beundringsverdig! Eg setter SVÆRT stor pris på dokke!

Bruk dagen fornuftig, det skal eg :)


mandag 12. april 2010

Etter solnedgang...





Some inspiration :)







 


søndag 11. april 2010

Vinnar-rimet :)




Hej Vännen och en stor GRATTISKRAM från Sverige och ett försök till ett rim.....

I Norge jag min drömblogg fann
hos Elins så duktig och så grann
Du mig många lyckliga stunder ger
när jag alla dina vackra bilder ser
Du har ett hem som är så flott
GRATTIS till alla besökare och må så GOTT!

Kramar Raina
10. april 2010 16.16



Kjære Raina (Stenlycka)! Du gode bloggevenn! :) Det vart du som vann konkurransen min! Tusen takk til alle herlege damer med flotte rim! Hadde ikkje trudd at så mange kasta seg rundt og vart med! Bilda frå søndagsturen vår av årets første kvitveis og krokus, er til dokke alle! Men spesielt til Raina! Og ho skal også få noko som eg skal lage i løpet av nokre dagar. Fortsettelse fylgjer! ;)

Med ynskje om ei flott veke til alle der ute! Nyt våren!


Lyst å vere med?






Gå inn på innlegget under for informasjon!


lørdag 10. april 2010

Kreativ feiring av 30.000 besøkjarar! Skriv eit rim til meg!


Ops! Eg skulle no lage til noko kjekt i anledning tretti tusen drøymarar her inne... Men denne teljaren lever sitt eige liv? Det ser ut som om det magiske talet kjem til å passerast i dag. Her er mi kreative feiring :

Dersom du legg att ei helsing under dette innlegget, og skriv henne på rim, er du med i trekninga av something home made :) Eg velger ein vinnar i morgen kveld klokka 23.00. Rimet blir publisert i nytt innlegg, og eg linkar sjølvsagt til vinnaren :)

Bilda i dag er frå kjøkkenet, dei gamle stolane mine har fått midlertidig nye trekk. Vurderer å bruke desse linstoffa på seta. Kjøpt hos Franciska. Veldig vakre! I bakgrunnen står eitt av fleire nyanskaffa vindu.






Ha ein fin laurdag! Her skal hagen ryddast! :)