.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



lørdag 20. mars 2010

I pute-himmelen :)


HELDIGE meg vann heimestrikka putetrekk hos Sologbolig for nokre veker sidan. Og i går kveld fann eg ein fantastisk pakke i postkassa! Skulle sjølvsagt ha vist han fram før eg åpna den, men eg var så spent, at eg flerra av papiret :) Og eg har fått velge farge på puta sjølv. VAKKER! Eg vart så inspirert av henne, at eg har kooosa meg ei lang stund på kjøkkenet i dag. Fleire bilder kjem i morgen. Det er lenge sidan  fotograferinga mi gjekk så lett! Har ein heil haug av flotte bilder på redigeringssida mi i skrivande stund. Viser litt av den flotte skatten under her! 



TUSEN TAKK SIGFRID!!! Eg elskar denne puta! :)

God laurdag alle saman, så sjåast vi i morgen!



fredag 19. mars 2010

Stronger


I kveld gjorde eg unna årets første treningstur i JOGGESKO!!! :) Heilt fantastisk følelse! Huskar dokke når vi var små? Det å få sleppe ut på bar asfalt, i lette joggesko etter ein lang vinter? Det kneip alltid på tærne, for at foten hadde strekt seg litt i løpet av vinteren... Men kjensla av å flyge bortetter vegen var - fantastisk! Akkurat slik som i dag. Elva nedetter bygda vart større og større utover dagen, og ti plussgrader fekk fart på snøven. Og då passa det så godt når songen Stronger med Sugababes dukka opp på MP3`en. Det er så flott å kunne lade opp ein slik dag, og få fylle opp energitanken igjen! No har eg verkeleg fått trua på at våren er like rundt hjørnet! :)



Ha ein fin fredagskveld! :)


torsdag 18. mars 2010

Livet er ikkje det same uten blogging


Hei igjen! Eg vil fyrst TAKKE alle som trufast er innom bloggen min, og legg att kommentarar, sjølv om eg ikkje er flink å gjere gjenbesøk for tida. Eg har vore gjennom nokre tøffe veker, og eg har ikkje klart å motivere meg til å blogge. Dette har vore sårt, for eg har følt at dette har vore ei stor drivkraft for meg siste månedane. Siste dagane har eg kome i gang igjen med målingssyslar, og eg har ommøblert litt i huset. Og eg har lyst til å skape igjen. Eg håper difor at eg vil klare å lage daglege innlegg, og kome igang igjen med fotografering og skriverier. For draumane mine er der, og eg håper dei kan inspirere andre.



Det er så uendeleg godt å ha alle dokke der ute,
som smiler mot meg med gode ord!


onsdag 17. mars 2010

Og eg held ut :)


Hei! Dei kun inreriørinteresserte får unnskylde at bloggen min er blitt om til ei vèrdagbok :) I dag trengde eg å minne meg sjølv på kvifor våren er verd å vente på! Bildet er frå sekstande desember, og viser fjorden min frå si beste side. Raset i går gjekk frå fjellkjeda til venstre i bildet. Eg elskar desse fjella, og er oppe på dei kvar veke om mogeleg sommarhalvåret. Det er nok dette ville og vakre som fekk meg til å ville bu her på Sunnmøre. Og no har regnet kome, og vi ser at snøven minkar igjen. Så overser vi at det er meldt kaldare til helga igjen? ;)



Nyt dagen!


tirsdag 16. mars 2010

Fonnefjell


Einbølte gardar
på stupbratte strand,
avstengde bygder der langt inni land,
heimar i otte
for fonner som fell
beint ned i fjorden
frå flogbratte fjell,
heimar som høgt oppå hamrane låg,
slik var det ofte du
Sunnmøre såg.

Stormfullt og stussleg
og grisgrendt og grått,
blidøygt og smilande,
blankøygt og blått,
fattig og magert
og berrsnevt og hardt,
friskleitt og fagert
og blømande bjart,
fjordland med øyar
og dalar og fjell,
voner og vanskar,
- vi elskar deg lell!

(Frå diktet Sunnmøre, av Henrik Straumsheim)

Med takk til REGINA for inspirasjon i kommentarfeltet på innlegget under. Ikkje ofte storfonna går her i stranda, men det gjorde ho i dag... Og fyllde fjorden med snøvsørpe. Vi har tunnell i fjellet, så det er ingen fare. Så mange andre som får merke vèret mykje meir enn oss i dag på vestlandet.

 

mandag 15. mars 2010

Draumar under regnbogen...

No har eg så stort behov for vår og sommar, at det gjer låkt. Eg treng ein dag utan snøv og regn, eg treng blå himmel og sol som varmar i fjeset. Eg treng smilet mitt, og smilet til alle rundt meg. Eg treng leirfivel og snøvklokker, svart asfalt og lette joggesko. Og ja takk også til ei kvitveiseng full av små kvite og grøne under. Så kan sommaren kome, og vi kan vere i fjøra og leite krabbar og grille pølser. Og sitje i ein vakker solnedgang og kjenne brisen i fjeset.


Eg håper slike draumar kjem til meg i natt, for ute snøvar det tett. Men om ikkje så alt for lenge kanskje?



søndag 14. mars 2010

Vindusutstilling à la Elin :)


Lyst til å kike på utstillinga mi? Under dei gamle glasrutene, har mange gamle skattar fått plass. Og idèen skulle vere enkel å kopiere? Gamle vindu finns over alt, viss du kikar deg rundt. Kanskje ikkje i så stor mon i byen som på landsbygda, men her finns dei i alle fall viss ein leitar.


Og du kan skifte ut gjenstandane så ofte som du vil! :)


Ynskjer alle ei flott, ny veke!