.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



lørdag 21. november 2009

Litt om advent, og ellers TUSEN TAKK!

Eg vil bruke innlegget i dag til å TAKKE alle som les bloggen min! Eg hadde ikkje hatt energi og lyst til å fortsetje blogginga, utan at folk leste han; og likte han. Eg har fått 18 følgjarar, og har ca. 100 treff her for dag. Det er no ingenting i forhald til andre; men eg er retteleg nøgd! Det kjekkaste er at fleire har byrja å leggje att kommentarar. Kjekke, koselege ord, som varmar i minneverdige novemberdagar. For eg trur at dette er noko eg vil ta med meg vidare i livet, minna om den gang då eg byrja å blogge... Til alle dokke som berre vil lese, så er det heilt greit også. Men eg er no litt nysgjerrig på kven dokke er? Hadde ein teljar på kva land som hadde vore innom, som eg greide å slette her ein dag. Men nesten 40 land var representert på lista, på litt over ein månad! Det hadde eg aldri trudd? Korleis fann dei lille meg i Norge?
 Thank you for reading my blogg!

I dag hadde eg tenkt ut eit fole fint innlegg, men det er så mørkt og grått ute, at eg må utsetje det til neste soldag! Eg laga adventspynt i går, og tenkte at eg skulle ta nokre spesielle bilder av han. Men; no gjev eg deg heller nokre nærbilder, så kan du no lure på kva det er ;) Fortsettelse fylgjer!












Ha ein aldeles strålande laurdag, med inne eller utevèr! :)


 




post signature

fredag 20. november 2009

Victoria Secret`s og Harald...

Det er ikkje berre på catwalken i statane at dei har fotogene englar! Berre sjå kven som poserte velviljug utanfor stoveglasa mine i dag :) Det har kome ein engel til inn i moseslekta, Herold har fått seg ein bror, Harald. Harald er av den trauste, tause sorten, som ikkje likar å blåse i horn... Han sit for seg sjølv og tenkjer. Syskjenborna i sylv, synes nok at Harald er litt bustete, der dei sit blånke og skimrande i ljoset av telysa. Men Harald har glorie av hønsenetting; og det kan ingen av syskjenborna skilte med!









Eg vonar at du og dine får ei kjempefin helg!




post signature

torsdag 19. november 2009

Febervarme små hender...

I dag er vesleguten heime med mamma. Han er tett i brystkassa, og astmamedisinen har vore framme fleire gongar. Han har hatt diagnosa sidan han var eitt år, men han har vore plaga sidan han var 5-6 månadar. Denne hausten har vore den beste så langt. Eg er veldig takksam. Så får vi heller ha nokre rolege dagar. Eg hadde så lyst å ta bilder av han, men det er ikkje slik at han jublar: ja! Neida. Han har framforhandla tomatsuppe til middag (yndlingsretten), Spidermanblad i dag (og ikkje i morgen som avtala før), og litt smågodt frå posen han fekk i bursdagsselskap i går kveld. Så når eg måtte ta nokre bilder til, klarte han å få med eit glas saltsteng i dealen... ;) Han blir nok ein dyktig  forhandlar i framtida... Så med tusj i ansiktet og på hendene, blei han nølande med på mamma sitt påfunn :) Dagens bilder er av eit trekkspel borna har fått låne av snille Ingrid Johanne, som er noregsmeister! Fleire av borna sine oldefedre handterte dette instrumentet, og vi synes det hadde vore fole kjekt viss ein av våre håpefulle har lyst å lære seg å spele trekkspel. Lissjebror har ikkje sansen for instruksjonar; så det er kanskje like greit at dette er bilder, og ikkje video! Han har forresten skrevet ynskjeliste til jul i dag, og eg forstod ikkje heilt alle bokstavar og teikn bortover linjene. "Kan du ikkje lese kva eg har ynska meg mamma, for eg forstår ikkje kva eg har skrive?" :)











Med ynskje om ein fin novemberdag for alle...







post signature

onsdag 18. november 2009

Julekjole i bølgeskvulp

Kreativitet er noko merkeleg noko... Kjem og gjeng litt som han vil? Av og til berre strøymer det på med gode idèar og lure tankar, medan andre gongar er det gjenlyd inni hovudet mitt. Eg har alltid tydd til interiørblad for inspirasjon. Hadde vel fire abbonement på det meste. Etter at eg fann bloggverda, har eg sagt opp alle unntatt eitt :) Så ein kan faktisk spare pengar på å blogge! Mine draumar er mange og milde desse dagane. Det er slik at det meste går av seg sjølv. Så når regnvarsla ikkje stemde, og sola kom i ettermiddag, måtte eg ut på tur. I dag skal de få bli med ned i fjørå, til fjorden, saman med julekjolen eg har kjøpt. For kort til mine runde, smilande kne, men med verdas vakraste kanting på skjørtet. Turen går ned til nausta; ein av dei finaste stadane eg veit. Eg vaks opp nede i bølgeskvulpet, utan redningsvest. Datt aldri uti. For vi lærte å ha respekt for fjorden og det ramsalte vatnet. Og når eg sit nede på steinane, og let att augene, er det ikkje vanskeleg å huske tilbake mange tiår. Så godt å la tankane fare i klukkinga av sjøen som leikar mellom steinane. Med den nydlegaste drivved i grå sjatteringar langs vèrbitte naustveggar.
Eg håper at du kjenner stemninga, og kan bli varm i hjertet du også...













God onsdagskveld!




post signature

Sentimental natteranglar...

Eg veit ikkje om det er den nye plata mi med Kyrkjebø og Nordstoga, eller om eg rett og slett har bikka over etter ein innhaldsrik dag... Eg klarer ikkje å gå å leggje meg. Draumetausa hadde ein kjempefin kveld med klasseveninnene sine. Draumeprinsen smaug seg lydlaust langs veggane, og håpa at dei ikkje skulle sjå han. "Du er så søt!" Han ser ut til å setje pris på fred og ro, han lillebror. Ikkje stresse med damer og alt det styret der. Enn så lenge... Mc Dreamy (draumemannen) reiste på kurs. Det hadde jammen eg også gjort, for i dag var det jentene sin tur! ;) Hannah Montana på full guffe, og ikkje minst overraskelse når vår kjære fotball Jonathan kom for å møte hylande kvinnfolk... Å slå Molde i Cupfinalen, var nok enkelt, i forhald til å møte og takle 10 rinande niåringar! Men det roa seg, og det vart ei fin stund rundt kjøkkenbordet. Dette byrja som ein dårleg dag, men ein reddande engel av ein fysioterapeut løsna på knutane i ryggen. Tusen takk for at du finns, Marit! Og om ikkje dagen vart så effektiv som forventa, gjekk alt bra. Så Snipp-Snapp-Snute... Forresten :) (er ikkje ferdig enno) eg må berre leggje ut nokre bilder til frå skogturen min. Det er synd og skam å ha slike bilete liggjande gøymde på ein harddisk! Så hald ut med meg! :) Er eg ferdig no då? :)  Snipp-Snapp-Snute, no skal ho Elin søve søtt på si tempurpute! :)






God Natt!



post signature

tirsdag 17. november 2009

Siste kos på terrassen for i år?

Eg skulle ikkje lage noko innlegg no, men fekk tid til overs på ettermiddagen. Så viss du vil, kan du kose deg litt visulelt du også! :) Alltid plass til deg her, veit du! :) Vi hadde nydeleg sol før i dag, men ser at det skyar over. Det ser ut som om vår eventyrlege solskinsperiode er over for denne gong... Fire veker med nydeleg haustvèr har sletta alle spor av frustrasjonane vi hadde når det regna i månadsvis... Draumetausa skal ha kosekveld med klasseveninnene, og eg får hive meg rundt og gjere klart for storinnrykk! Berre ti stykker altså. men eg klarer no å stresse litt for det! :)









NYYYT tysdagen!



post signature

Ein hyllest til den kulaste jenta frå min barndom



Eg har ikkje kome meg til å skrive dette sitatet på bloggen min før, for eg veit at Eplemora har det på bloggen sin. Men no er det klarert, og her er Pippi i all si prakt! Sjekk dei herlege bilane i bakgrunnen... Det var tider det! Som den gutejenta eg var, de luxe, var Pippi den kulaste som var på TV. Med eit slikt idol, er det ikkje rart, at eg ifølgje min kjære pappa, datt ned frå alle tre og murar som var i bygda... Men her er eg; 30 og mange år etterpå i ganske fin form :) Eg har med meg desse orda, sjølv om dei i motgangstider ikkje er like enkle å tru på... Men no er det på tide å rope dei ut igjen! Ein kan, viss ein vil! :)



mandag 16. november 2009

Fred og ro ved elva i skogen

For nokre innlegg sidan, tenkte eg tanken på å ha ein fotosession nede i granskogen. Eg kan aldri tenkje slike tankar; utan at dei ligg der og murrar. Så i dag har eg forsert krattskog, tussar og troll, og klatra litt. Eg er våt og skiten på bukseknea, og ganske gåen skal eg vere ærleg. Med Canon`en rundt halsen, og sekken full av rekvisittar, streva eg meg ned til min barndoms leikestad. Kulpen ved sidan av den store elva, som vi slett ikkje hadde lov å gå ned til. Skal IKKJE vise barna mine denne eventyrstaden enno, for elva kan bli veldig stor til tider. Men her var vi å bada om sommaren, og gjekk på skøyter når isen la seg om vinteren. Eg hadde gløymt kor vakkert der er! Har lasta over 101 bilder til pc`en no, så eg må få dele litt av desse momenta med dokke? Sett på yndlingsmusikken din, og NYT skogens ro...













God måndag!






post signature

søndag 15. november 2009

Jul i midten av november?

For meg er det først skikkeleg lov med juleutstillingar og julemusikk 1.desember. Slik har eg alltid hatt det. Men i år, med all blogglesing og mange inntrykk, må eg innrømme at eg har byrja å høyre litt julemusikk "light", og er meir klar for jula enn på mange år. Har bestemt meg for å prøve å lage nokre søte kremmarhus av ulike stoff. Sist jul hadde vi det meste av pynt i kvitt, lin og sølv. Dette var veldig vakkert! Andre år har raudfargen dominert. Når eg no skulle velge ut stoffbitar, vart det i koksgrått, kvitt og sølv. Så får eg sjå om rygg og skuldre har lyst å bli med på symaskintur :)



Eg var innom "Emmas Verden" (igjen) på fredag. Draumetausa hadde så mange julegåveynskjer der :) Og så enda eg opp med å kjøpe denne vakre zinktønna. Har hatt ei slik på ynskjelista lenge! Og i dag vart ho om til bord; med eit gamalt tønnelokk på toppen. Draumeprinsen på 4 år, vart ståande å sjå på henne, etter at ei stolt mor kom berande inn på stova med henne fredagskvelden.
Lillemann studerte litt, før han utbraut: "Åja, skal vi ha søppelen her no?" :)





Ha ein velsigna god søndag der ute, alle saman!





post signature