.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



lørdag 10. oktober 2009



Sol på ein laurdag


I dag er det sol i bygda. Og det er så uvanleg, at eg har problemer med å ta det inn over meg? Venter berre på at det skal byrje å regne? Det har no regna sidan midten av juli. Eg kan ikkje huske at det har vore så gale før? Men det har nok det? I alle fall, dagens bilde måtte innehalde sollys! Og det vil varme meg innvendig, når og viss regnet kjem att... Knottane på bildet, fann eg hos Tante Bruun. Dei skal vere på nattborda til draumetausa, som elskar lyseblått! No må eg visst på tur og handle meir kvitmåling! Ha ein fin laurdag!

fredag 9. oktober 2009

Fredag




I dag blei det kveld før eg fekk tid til å lage noko på bloggen. Har vore på haustferie i dag med draumemann og barn. Varte i ca. 5 timar, og det var heilt passeleg, sidan eg endelig har kome i gang med måling av møblar til draumetausa og make over på rommet hennar. Dette takka vere innlegget til Charm Design, med svært inspirerande bilete frå jenterommet der i heimen. Så takk igjen for det! No skal vel fredagsroa senke seg, og små og store har eitt eller anna å sjå på tv`en. Eg er tom for kvitmåling, så då blir det vel ro og fred i sjela mi med. Lyktene ute er tende, og det luktar haust. God helg!

torsdag 8. oktober 2009

Trylling med rekved




















Eg har etterkvart ein del rekved i huset. Eg brukar å gå meg ein runde i fjøra av og til, og plukkar med meg det eg finn interessant. Det er ikkje røter og sånt eg leitar etter, det er helst slitne plankar og fine avbarka greiner. Draumemannen er alltid like glad når eg kjem og deiser det heile inn på dusjrommet til vask og tørk... Det luktar ikkje vidare godt med det same. Og han har heilt rett; eg hadde ikkje sett pris på att han gjorde det same mot min vilje... Men, men, ein må tole litt i kunstens navn! I dag har eg tatt bilde av mi rimelige kjellertrappbelysning, som både har hengt som taklampe i fire stål wirar, men akkurat no er vegglampe. Den er av rekved som er samanskrudd, og pyntelys som er vikla rundt. Lampen gjev stemningsfull belysning, og så er det garantert berre ein av den i heile verda? Trur eg?

onsdag 7. oktober 2009

Utsikt frå draumehuset


Det er min eigen hage, er nesten litt forundra sjølv...
(Uredigert!)

Ein må no berre bli varm i hjertet!


Må legge inn eit x-tra nummer i dag... Draumeprinsen4, som har eit stort teiknetalent, har laga meg eit kunstverk i ettermiddag. "Det er på bryllupet til deg og pappa", fniser han. "Det er når dokke kyssa..." Så rødmer han fole, og rekker fram handa. Han har teipa saman teikninga, for dette er post må vite! Og eg synes no omverda må få ta del i dette? NB! Lepper ala Angelina Jolie kan kanskje vere noko for meg? Og så må eg øve på å vere meir feminin, for det ser no fole flott ut å lette opp eine foten når ein skal kysse? Og til slutt; sjekk den lekre, rosa brudekjolen/drakta? :)

Meir nytt frå gamalt


For 15 år sidan, eller der omkring, fekk eg nokre gamle lengder med noko som likna gardinkapper av ei eldre dame. Ho hadde kjøpt dei på loppemarked, meiner eg. Og så tenkte ho at eg kunne bruke dei til noko? Dei har blitt med på flyttelass, og overlevd temmelig mange ryddeaksjonar. Men eg har aldri sett at eg skulle bruke dei til noko spesielt? Heilt til sist veke. Då vaska eg stakkarane for hand, og konkluderte med at ein del av flekkane på dei ikkje ville gå bort. Dei hekla blondane som er felt inn i stoffet, var slett ikkje tenkt å forhalde seg like breie bortover lengdene, same kor eg strauk på dei. Men no hadde eg fått eit syn... Som så ofte før. Dette måtte no vel bli fine kjøkkengardin? Eller rettare sagt kapper? Det vart eit styr, det kan eg love. Det var ikkje lett å få stoff og blondar til å ly. Dei ville helst sjå ut slik som dei alltid hadde gjort... Så enno er det skeivt her og der, men ein får kalle det sjarm... For no orker eg ikkje å sprette opp att fleire gongar... Eg skulle ynskje at gardina kunne fortelje meg kor gamle dei er, og kvar dei har vore før? Men, men... Mystikken får råde. No er dei i alle fall blitt himmel over blomstrande orkidear, med utsikt mot fjord og storslåtte fjell. Og det må no vere langt betre enn å ligge støvete og triste i ein mørk kjellar?

tirsdag 6. oktober 2009

Resirkulert arv



Eg likar å byggje ting. Eg er ikkje så flink, men eg har ein sterk vilje, og det hjelper på. Eg har fått meg ny sag, og med godt pågangsmot tenkte eg at eg skulle byggje meg ein benk til stereoen oppe på loftsstova. Eg kan allereie røpe at ein fingernegl blei veeeldig blå underveis, men ellers kom eg no nokonlunde i mål? Grunnen til at eg kallar dette resirkulert arv, er at eg bygg saker og ting av material som eg har fått frå gamle hus og løer. Plankane til det avbilda bordet er frå tipp-tippane mine sine gamle stovehus. I mellomtida har dei vore nytta som sel(lita hytte) oppe på setra, og deretter plukka ned. Og så vart dei draumefunn for ei entusiastisk sjel...

mandag 5. oktober 2009

Kveldssysler




Eg har to flotte glas som står Le Meilleur på, og under står det 1/2 l. Made in France. Tenkte dei skulle få vere telyshaldarar i haustmørket. Men det eg ikkje hadde forutsett, var att lyset projiserte Le Meilleur på veggen bak! Så stilig, at eg sjølvsagt måtte ta bilder av det...

Draumetaus med feber


I dag byrja haustferien her i området. Draumetausa har klart det kunststykket å få feber, og ligg i senga si. Dette klarte ho også fyrste dagen i sommarferien? Humøret er dårleg, og forma skral. Ho blir nok glad når ho ser at det er hennar bordkort som er brukt på dagens bilete! Lerkepynten vart laga til jul i fjor, og ser like fin ut enno. Kruna på metallpinne og dei små tavlekorta er satt saman av underteikna, ved hjelp av litt streng. Ute regnar det, som vanleg. Eg trur eg treng cd-ane mine med Reiersrud og Kleive i dag, dei brukar alltid å gjere meg glad og kreativ! Ha ein flott femte oktober der ute!

søndag 4. oktober 2009

Sakn...


I dag skulle fadderbarnet mitt Marius ha fyllt 21 år. Han var ein kjempekjekk gut, alltid blid og snill. Eg var tante med stor T, og vi opplevde mykje kjekt i lag. Den 21.april 08 omkom han i ei bilulykke ved Lillehammer. Han rakk aldri å bli 20 år. Bildet i dag blir difor dette. Eg såg at det skjedde mange bilulykker i går. Tankane mine går til alle dei som er i same situasjonen som vi plutseleg var oppe i. Det er så frykteleg vondt å miste nokon på denne måten. Opprivande og tragisk. Eg håper verkeleg at det finns englar, og at Marius er rundt oss enno. For som veslebror i huset her startar setningane; når han kjem tilbake mamma...