.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



lørdag 9. januar 2010

Om å setje seg mål...

Eg har vel sagt før, at eg ikkje føler for å vere sånn kjempepersonleg her inne. Men etter å ha vore hos Anne i går, vart eg veldig tankefull. Som vanleg hadde vi gode samtalar om det meste, og det er alltid kjekt å få snakke med andre om ting som opptek ein. Første januar var det akkurat to år sidan eg skada ryggen min. Eg har hatt tre skadar i nakke og korsrygg, to og ein halv prolaps... Den halve veit eg ikkje korleis det gjekk med, for eg har ikkje vore på MR igjen etterpå. For å gjere ei lang historie kort; det vart smertefulle månedar etterpå. Eg kunne ikkje ta smertestillande p.g.a. andre ting i kroppen som ikkje fungerte, og det å gå med kronisk verk er ikkje særleg oppbyggjande. Men med trening, eller rettare sagt gåturar, byrja ting å forandre seg. For eitt år sidan, bestemte eg meg for å ta kontroll over meg sjølv igjen. Og eg har aldri angra. Fjellet har vore mi redning, og frå å gå til postkassa (60 meter) auka eg avstandane etter kvart som ting vart betre. Ein bygg ikkje berre fysikken med slik trening, eg fann i alle fall mental styrke samstundes. Det er godt å klatre oppover bakkar, for å få ei vakker utsikt som belønning! I går når eg køyrde innatt frå Anne, kunne eg sjå ei opplyst fjellkjede i det fjerne. Sola held på å ta farvel med toppane over fjordbygda mi. Og eg stoppa, og tok bilder. For akkurat der klatra eg opp i slutten av august. Saman med min kjære gjennomførde eg ein tur som eg hadde drøymt om i tjue år. For meg var dette ein bekreftelse på at eg hadde vunne! Eg hadde bevist for meg sjølv, at det tilsynelatane umogelege, ER mogeleg! Og no har eg nye mål. 2010 skal bli eit godt år, der eg igjen skal fungere på normalt vis. For det har eg bestemt... :)




Sett deg realistiske mål, men husk at du kan
mykje meir enn du trur!
Berre du er du, så unik og verdifull!
Ha ein fin laurdag!




fredag 8. januar 2010

Emmas (Draume)verden

Eg har blitt velsigna mang ein gong etter at bloggen kom til. Og eg har blitt glad i så mange flotte medmenneske, som berikar kvardagen min med smil og gode ord. Ein blir kjend med mange nye menneske, men på ein litt merkeleg, avstandsaktig måte. Difor blir det ekstra kjekt å få møte personen bak tekst og bilder. Eg har enno ikkje vore på bloggtreff; det må no vere toppen? Eg er likevel så kjempeheldig å ha fått møte Anne. Mange her inne veit sikkert at ho er dama bak bloggen "Emmas Verden". Eg beundrar Anne for det ho gjer, og den flotte "buda" hennar i Langevågen. Eg har aldri valfarta til denne bygda før, men eg må innrømme at det har blitt nokre turar siste månedane... For min del er det å kome inn i hennar univers terapi. Eg får spørsmål om kvar eg hentar inspirasjon. Hos Anne, må vere eitt av svara. Butikken er så full av skattar, at ein treng fleire besøk for å få med seg alle detaljane. Eg kunne ha fått ei zinkoverdose der, men prøver å halde meg på matta :)  Og forresten Anne; eg fekk tatt nokre kalde bilder, uten å måtte lempe vekk karar med lange linser og flotte stativ! (intern...) :) Eg vil anbefale alle å kike innom bloggen hennar, og butikken viss du er i området! Tusen takk Anne, eg gledar meg til neste gong vi møtes! :)


KLIKK HER FOR Å BESØKJE BLOGGEN OG BUTIKKEN HENNAR!




Ha ei flott helg der ute! Gi nokon ein klem,
det er ein fin måte å dele varme på!



Det gryr av morgon

Eg har via denne veka til frost og kulde, og varmen ein kan finne i desse elementa. Ein gnistrande kald morgon i min Sunnmørsfjord, har gitt meg neglebit, men fyllt hjertet mitt med varme nok for resten av vinteren. Tusen takk for alle gode ord og kommentarar siste dagane. Det varmar mest av allt! Veldig kjekt at nye, ukjende fjes og bloggarar legg att spor! Bli med til draumemorgonen min...









torsdag 7. januar 2010








Frost ved fjorden...















onsdag 6. januar 2010

Ice, Light &. Winter in my Wonderful Dreamworld...♥









Varme tankar til alle gode bloggevener!




tirsdag 5. januar 2010

Vannmerke à la Elin :)

Her kom det visst eit innlegg til frå meg :) Har prøvd å finne ut av dette med vannmerking av bilder. Litt innvikla, sidan eg ikkje har programma som blir anbefalt. Har difor laga mitt eige. Eg fekk eit tips frå AnettesHus.com om widget som hindra at ein kan høgreklikke på bilder og kopiere direkte frå bloggsida. Men eg har ikkje klart å unngå at ein kan forstørre bilda, og dermed få tilgang til div. funksjonar.  Legg ut bilder av draumeborna, så får dokke sjå kva dokke synes. Kjem kanskje til å ta bort bildet etter kvart, men nyyyt desse to goingane, dokke som er innom :) Bildet var med på årets julekort.



Sjåast i morgon! Har eit prosjekt på gong. Første forsøk var håplaust misslukka. Men prøver igjen... ;)



Frostrøyk på fjorden...

Så kom sola igjen, og kulden... Det riv så godt i nasen, og kinna kjennast glatte og livlause. Men du store all verda kor vakkert! Eg er i draumeverda på rett! Trea er tunge av snøv, som ser ut til å skulle dette av når som helst. Frosten driv på fjorden, noko som skjer svært sjeldan her. Utanfor kjøkkendørene, har ein skavel flytta inn på terrassen. Sypress og lyslykt er borte for lengst. Berre nokre toppar av kvit bomull vitnar om at der er noko under der ein stad... Og ute i alt dette kalde, står to kjekke karar og smiler. Med hjertet på bringa, og glimt i augene. Dei veit kor glad eg er i dei, for dei har vore her i snart ti år, og smiler i vinduskarmen heilt fram til påske. Vinterpynten min :)
Håper dokke ikkje frys der ute i norges vidstrakte land!








Tusen takk for gode ord og enorm respons siste dagane! DET varmar veldig i hjertet mitt :)




mandag 4. januar 2010

Seal, snøv og tulipanar :)

Hei alle mine lesarar! Eg skal innrømme at kreativiteten ikkje er den største i dag, etter ein morgen der små og store var trøytte, og litt oppgitte over at kvardagen var på plass igjen... Lillebror var IKKJE tenkt seg på barnehagen i alle fall. Draumetausa klarte å glede seg "litt" til skule. Mc.Dreamy hadde nok med å måke fram eine bilen... Her SNØVAR!!! Og snøvar... Men som sagt; kaldvèret skal vere tilbake allereie i morgen. Så eg trur alle med rørproblemer i husa sine, er glade for at vi får litt naturleg isolasjon frå naturen si side, før kvikksylvet rasar ned mot tjue minus? Eg hadde litt vinterreingjering her inne på bloggen også i går kveld. Og oppdaga at teljaren min hadde tre mnd. bursdag i dag! Den har snart tellt 9000 besøkjande. Og det er eg veldig fornøgd med! Må vel ha ein ny GiweAway på 10.000? ;) Ellers meiner eg ikkje å plage deg med musikken min her inne. Eg er berre så frykteleg avhengig av musikk i livet mitt... Men det er berre å trykkje på spelaren til venstre øverst, viss du ikkje likar tonane eg har her. Musikksmaken min omfattar nesten alle sjangrar. Alt ettersom humøret mitt er :) Her inne er eg drøymande, og då blir tonane også det. Det kan ofte innbefatte gode minner, sånn som If You Don`t Know Me By Now... Denne er utgjeven på nytt av Seal, men originalen med Simply Red gjev meg vårassosiasjonar... Og det treng eg i stor monn kjenner eg!
Så som i går, blir det litt lette og lyse bilder frå meg i dag  :)







Ha ein forteffeleg måndag, og om du slit med å kome i gang etter ferien; finn ut tre ting du gledar deg veldig til i det nye året! Og viss du er som meg, surf litt på You Tube, og finn att nokre gamle, gode sangar som får fram smilet om munnen! Og tips nummer tre: be famile eller vener på nyttårsfest ei av dei første helgane i januar! Og sørg for å flire nok, kanskje det viktigaste middelet for å overleve mørketida!
Tra-la-la! :) No vart i alle fall eg i bedre humør! Denne blogginga er magisk!
Skal gå og finne på noko kreativt! :)


søndag 3. januar 2010

Draumar om vår...

Etter midnatt fekk jula fart på seg, ut dører og vindauge, og opp i kasser... Reisa mot mørkeloftet har fortsett i dag, og no er alt lett og lyst... Eg kjøper alltid blomar desse vekene etter nyttår, for å ha noko ekstra å glede meg over. Og no har eg lyst å dele kjensla av vår med deg! :)











Ute snøvar det igjen, men det er meldt draumevinter med klar sol og nesten tjue minusgrader om nokre dagar... Gjett om eg gleder meg! Trur eg skal prøve skiene for fyrste gong på over to år... Og kameraet blir med i sekken. Så du får deg nok ein tur på fjellet du også, her inne på bloggen i alle fall :)


KLEM FRÅ MEG!