.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



lørdag 31. oktober 2009

Ein svinserunde på kjøkkenet

Det er ubeskriveleg godt å vere i laurdagsmodus, i alle fall når huset vart vaska i går... Ellers går eg med dårleg samvet, for det er så kjempegodt å ha eit reint og ryddig hus når det er helg. Eg ser at eg skriv hus... Vel, lat oss seie 1.etg. i alle fall :) Sjølv om draumeprinsen har vore oppe sidan før sju (og det er ok, han bruker å vakne før seks) har vi andre sove sånn i rykk og napp utover morgenkvisten. Det er nydeleg vèr ute. Draumehausten min har endeleg kome! Så etter å ha unnagjort litt handel og anna, blir det moseprosjekt, og ein fjelltur.



Hadde så fine tomatar på kjøkkenbenken i dag, som ropte at dei ville bli tatt bilde av! Det gjorde at eg vart surrande rundt der, og kika på ulike ting. Oppe på kjøleskåpa står ein eignalut som rommer eit minianlegg. Men det er det ingen som ser. Heldigvis er sprekkene i kassa så store, at fjernkontrollen fungerer! :) Må opp på stol for å setje i cd, men det er mest radioen som står på. Ein bunt med sjølvplukka rekved kviler framfor der også. Knytt saman med ein gamal snøre-ende. Det store lyset med tre veikar, er frå Slettvoll.


Eg er stadig like forelska i utklippa mine, som eg har festa inne i glasskapa på kjøkkenet. Synes at alle tinga våre har blitt forandra til det bedre med desse som bakgrunn. Til venstre nede mot stålkoppane, er det ei svane som er i ferd med å lande. Alt her er  bryllupspresangar frå 10 år tilbake. Tinga eg har teke bilder av i dag representerar mykje av stilen i huset vårt; nye saker i stål, blanda med gamle bruksting og antikvitetar av alle slag. Så kan det nok diskuterast blant alle dokke der ute, om det er særleg smart? Vi synes det :)

Koppane på bildet til høgre, er ein del av  eit nytt servise som vi samlar på, Villeroy &. Boch, Vieux Luxembourg. Synes at mønsteret og fargen passar til mange gamle fat vi har, for eg likar å blande gamalt og nytt når eg skal dekkje eit fint bord også. I bakgrunnen i denne skåpa, sette eg opp diverse reklamer for bestikk. Synes at det vart fint sidan dette høyrer til på kjøkkenet. Har også brukt utklipp frå desse blada på zinkboksen med bestikk og tomatar vist øverst her.

Borte i tallerkenhylla, som eg har vist før, har vi gamalt porselen, også frå Villeroy &. Boch, og mange andre raritetar. Blant anna ei kjøkkenvekt, som har fått nye vener i det siste. Dei nydelege, små lysa er kjøpt hjå "Emmas Verden", ein butikk eg blir glad av å tenkje på! Gleder meg sånn til neste gong eg skal på besøk dit!




No har eg brukt veldig lang tid på dette her? Har tatt i bruk den nye versjonen med større bilder, og eg er rimeleg ute på bærtur? Men øving gjer meister? Lat oss krysse fingrane for det! Eg er nok tilbake i morgon, med litt søndagsnytt! ;)


Håper at de alle får ein flott laurdag; det har i alle fall eg tenkt å ha! :)




 ♥

fredag 30. oktober 2009

Eit ærleg innlegg, ein herleg fredag...



Så var det fredag, igjen. For ei som ikkje er i arbeid, blir ikkje vekefølelsen slik som når ein kavar på og er tidleg oppe heile veka. Eg tar dagane i mitt eige tempo, og tenkjer at det er ein fantastisk ting å kunne gjere. Eg har vore sjukmeld i snart to år, men håper å kome ut i arbeid igjen denne vinteren. Det er mange ting som er trasig når ein ikkje er frisk. Dårleg samvet for alt ein ikkje får gjort på jobb, lite energi til å ha eit kjekt familieliv, med null overskot, der krangelen ofte førekjem med store og små. Det å ikkje orke å ordne opp i huslege ting, sånne mammaoppgåver som ingen andre enn eg ser. Og då blir det heller aldri gjort noko med.


Når eg starta opp med blogginga, var det for at eg ville ha ei fast oppgåve kvar dag. Noko som var berre mitt, og som gav meg ein forpliktande status. Eg tenkte slett ikkje at eg skulle klare å lage eit innlegg kvar dag, men sidan dette er så lystbetont, har det vorte slik. Eg har ingen tvangstankar rundt det, eg gleder meg stort kvar morgen til å finne på eitt eller anna. I tillegg har kreativiteten eksplodert i løpet av denne perioden. Det er ingen tvil om at bloggane eg har lært å kjenne er ei gullgruve for meg mentalt. Det å kommunisere med andre med same interesser, og å få gode idèar. Sjølvtilliten har vore på minus 100 lenge, og eg har ikkje hatt overskot til hobbyane mine. Dette har forandra seg totalt. Og eg er overraska over kor glad eg blir for koselege kommentarar og "smil" frå medbloggarar? Var ikkje så oppteken av dette når eg starta. Men merker at det er det første eg sjekkar når eg kjem inn på sida. Og eg har blitt litt kjent med nye, flotte menneske, og fått "nye vener".



Eg hadde eigentleg bestemt at eg ikkje skulle vere så personleg her inne, men no har eg visst vore det likevel? :) I følge teljarane mine, stoppa alle besøk hit i forgårs. Men har fått kommentarar etter dette, så då er det vel helst krøll med HTML kodane igjen? Som eg har lært meg å bli så glad i? :) Veit at her er folk som les bloggen, uten å ha ein slik sjølv. Det er visst mogeleg å leggje att kommentar, ein berre trykkjer på anonym? No kan det hende eg skrønar... Sidan eg var så ærleg i dag, vil eg gje dokke visuelle hjerter i gåve. Dette er ein rask gange gjennom huset, ein nydeleg fredags formiddag, seint i oktober... Eit lite utval frå meg til alle der ute :)




Ha ei flott helg, alle saman! <3

torsdag 29. oktober 2009

Takk og pris for interiørbutikkar med handleposar av papir!

No har det seg slik at eg bur på ein plass der ingen skulle tru at nokon kunne bu... Kommuneleiinga har i alle fall ikkje funne ut at det er lurt med dunkar for papir, eller anna sortering. Så dei få gongane det er papirinnsamling, sånn som i dag, må ein sjølv skaffe passande pakkeutstyr for alt som skal ut av huset. Eg husker aldri når det er innsamling (har lappen her ein stad???)  Så då er det som regel i panikk, eg ordner opp. Etter å ha sett at naboar held på å setje ut sine kasser. Kven huskar på slikt? Å få tak i kasser? MEN: no er det ordnings i heimen. For mor sine yndlingsbutikkar sender med henne flotte handleposar i papir... Eg synes papirinnsamlingsdungen min er vakker! :) Så i dag, tidleg ute for ein gongs skuld, måtte eg forevige dette flotte synet! :)


Draumedallj for ved


Kven har sagt at veden må liggje framme? Det er sjølvsagt veldig sjarmerande, og eg har hatt ulike oppbevaringsmåtar gjennom dei 9 åra ovnen har vore på kjøkkenet. Det skulle vere ein peis her, men han som teikna ein til oss, takka for seg undervegs i prosessen. Så vår lille midlertidige ovn skulle få stå nokre år... Akkurat no har eg gjeve opp heile peisplanen, då draumemannen skal ha seg varmepumpe... Gode tips om SMÅ og LITE SYNLEGE varmepumpeinstallasjonar mottas med takk og velsigning... Men tilbake til veden. Ved er fint å sjå på, men du verden for eit rot som følgjer med? Difor vart skiene skjult nede i ein dallj for nokre år sidan. Kva er ein dallj? Har googla dette ordet, men vart ikkje så mykje klokare. Han som eg kjøpte denne med, sa at den kom frå Romsdalen, og at den var brukt til å frakte mat i når folk var på tur. Altså: ein tidleg kjølebag... :) Men for ein kjølebag!




Veldig flotte detaljar i treverket! Det er eit slags brent mønster, men det er ikkje så mørkt? Oppi dalljen er det ein udelikat vedpose; ein slik du får kjøpt til slikt bruk. Om eg er galen som bruker ein slik skatt til å delje ved nedi? Kanskje det? Men eg prøver å bruke det eg har i huset på ein fornuftig måte. Og til no har det gått veldig bra. Og vedrusket held seg oppi der, så det er berre å støvsuge litt innimellom. Det grøvste ligg att i posen.



Det var dagens tema. No er det tid for nokre mosehjerter, og måling av nokre saker som eg hadde gløymt eg hadde... Alltid like kjekt å vere forvirra og gløymsk; ein får seg av og til så kjekke overraskelsar! Håper du får ein fin, kreativ dag!

Klem frå meg!

onsdag 28. oktober 2009

Lyst å bli med inn på stova mi?

Eg har fått spørsmål om kvifor eg ikkje viser fram meir av romma i huset? Det er veldig enkelt å svare på : eg er ikkje så flink å ta bilder enno! Dessuten hadde eg ein visjon om å ta nærbilder av ting eg er glad i, og forsøkje å dele desse skattane mine med andre. Men i dag skal vi på stovetur. Dette rommet er mindre enn kjøkkenet vårt. Den berømte vinkelen forsvann ut dit i eit stort allrom. Men stova er stor nok; og vi brukar henne kvar dag. Først eit tips: Eg har lest om folk som ynskjer seg store hagemøblar, men som ikkje har lagringsplass vinteren til desse? Vi har våre inne i huset no, og slik blir dei brukt året rundt. Og dei er så lette, at ein flytter dei enkelt ut og innatt ein tidleg vårdag, dersom sol og varme slår til!



Eg legg skinn og tepper i dei til jul. Ynskjer meg innekorgmøblar når eg blir stor...

Ellers har eg ein fantastisk fin og god sofa! Denne og stolane vi kjøpte på Slettvoll, kjem høgt opp på lista over ting eg er rasande fornøgd med av investeringar. Vi skulle eigentleg ikkje ha så lyst stoff, med ein tre-åring i hus i fjor, men dette har aldri vore noko problem. Og så er den kjempegod å sitje i, og å liggje på. Eg med mine ryggproblem, var nok ein krevjande kunde...



Også fyrste lysekruna vi kjøpte på Lunehjem, har havna i dette rommet. Eg har ikkje kobla henne enno; men trur nok at ho skal få vere over stovebordet? Har veldig sansen for lyset som funklar i henne (sjølv om ho er av plastikk...)



Eg veit ikkje heilt kven det er som les bloggen min? Ser at antal besøkjande aukar for kvar veke, men her er lite kommentarar. Men: viss du har lest bloggen min ei stund; veit du at eg er glad i svarte perler... På stova står ei av dei. Denne kommoden er kjempepraktisk, med store, gode skuffer. Han skifta farge frå trekvit, til glinsande svart for eitt år sidan. Dei prangande, store glasknottane var berre prikken over i-en. Inni skuffene finns dukar, teikningar, ulike spel osv.osv.
Love it!



















Det var litt om stova. Her er meir rundt meg, ser eg, men rundturen er over for i dag. Eine engelen har lagt seg i saueskinnet for fotografering, så han må vel få bli med... Må forresten ta med bladkorga mi også, full som vanlig av div.interiørlesnad, og fotoutstyr... ;) Livsnødvendige saker må vite!!! Og så eit yndlingsobjekt som held til oppe på den svarte kommoden... Eg har tidlegare lagt ut bilder av denne med dekorasjon i. Ekstra pledd er på plass på den brune, gamle stolen med målingsflekkar. Det er haust! Carpe Diem! Klem frå meg!







tirsdag 27. oktober 2009

Skåpa som ein ikkje bør åpne dørene på...

Å halde orden i skuffer og skap, er ein kamp. Eg trur stadig eg har funne superbra måtar å halde orden på, men så er det ikkje alle her som setter seg inn i mors tankegang... Men etter 10 år i huset, er det i alle fall meir system og orden, enn det var rett etter innflytting, med kun to vaksne til stades. På kjøkkenet har vi likevel ei alt mogeleg skåp. Er aldri heilt sikker på kva som er inni der? Har ikkje tenkt å røske ut alt heller, det er nyttig å ha ein slik stad som er litt sånn : oi, oi! Var det der eg hadde lagt den dingsen der?



Så her er det berre å halde dørene igjen, bortsett frå når ein har ei aning om at eit sakna objekt har havna akkurat inni der. Draumetausa var redd for fluger før, så der låg plastfluger innanfor døra når ho var lita. Då fekk skåpa fred... Draumeprinsen har ein slags tigerskapning som han syns var så skummel. :) Akkurat; no sjekka eg det. Og der låg den enno!!! (ha, ha, ha!)



Men sjølve skåpa er kjempefin! Eg har overskåp som høyrer til også. Denne står i kjellaren og ventar på at arbeidslysta mi skal boble. Først hadde vi denne på kjøkkenet i nytt hus, trefarga. Etter kvart måla eg overskåpa kvit innvendig. I ein minimalistisk periode for nokre år tilbake, vart toppen sett i kjellaren. Underskåpa er no kvit og mørkebrun, slik som kjøkkeninnreiinga vår. Det flotte er at ein kan sjå korleis dei som hadde henne før, har brukt henne mykje. Blant anna er det godt å sjå at dei har halde ned med eine skuffekanten når dei drog denne ut. Ellers har motten teke for seg av treverket. Men eg er ikkje så redd slikt; motten vil ha det mørkt og fuktig for å trivast. Slik er det ikkje i nye hus.















Hmmm... Alt dette snakket om skåpa har eigentleg inspirert meg både til rydding av henne innvendig, og måling av den andre delen... :) Det er det eg seier; interiørblogging er veldig flott på så mange måtar!



God tirsdag folkens! :)


post signature

mandag 26. oktober 2009

Kosekveldar med kakao

På mørke haustkveldar, er det populært med varm sjokolade her i huset. I går hadde vi til og med ein skvett fløyte tilgjengeleg, og det gjorde susen! :) Dei drakk nok sånt før i tida også, noko denne flotte boksen er eit bevis på.






















Og sjølvsagt er der ei god bruksanvisning på eine sida. Ikkje nokon tvil om korleis ein skulle bruke pulveret! :)





Tenk å ha fått sett dei som benka seg rundt bordet, og gjorde seg klare til ein kopp med Cloetta kakao...

Ha ein fin kveld!

post signature

søndag 25. oktober 2009

Og her er dagens produksjon :)


Måtte berre legge ut mitt første mosehjerte :) Trur ikkje det blei så veldig bra, ikkje så enkelt å få likt på begge sider? Var oppe på fjellet i ei ur med store steinar, og oppe på desse steinane finn ein herlegheita; draumemosen. Eg skremde vettet av ein jogger som kom forbi. Han var tydelegvis ikkje van med ei stressa husmor, pesande med hua på snei, oppe på toppen av ein av desse kjempane ved sidan av tur-råsa. Trur eg forbrende like mange kaloriar som han, der eg skunda meg opp og ned til setra med lassa mine. Vel heime var det berre å gå på frieri til naboen om hønsenetting; igjen... Reven hadde vore på besøk der, så dei kunne sikkert trengt nettingen sjølv? Såg ut som om nokon hadde hatt putekrig på plenen. Fjør overalt. Stakkars hønemor... Vel, nok om det. Eg skal ha hanskar når eg fortsetter produksjonen! Blei oppskrapa på hendene der eg stod og trykte nettingen til rett fasong...Håper berre draumemannen ikkje ser inn i bagasjerommet på golfen min, før eg rekk å støvsuge... ;) Han er sånn passeleg interessert i hus og heim og rydding osv., men når det er snakk om bilane er tolegrensa laaangt lavare. Mose har ein tendens til å liksom gå opp i liminga, og så er det temmeleg mykje ekstraordinært som befinn seg inni der? Anyway; det får kvile godt baki der til i morgen! No gleder eg meg til å pynte på gravene vi steller, dette må no bli kjempefin pynt der? Vil ha nokre i inngangspartiet også. Tusen takk til Magny som la ut oppskrift før i veka! Kjempeflott!


post signature

Nytt hus i heimen!

Som eg hadde på følelsen; det vart litt handling i går... Endeleg stod det eit flott sinkhus og lyste utanfor døra vår i går kveld! :) Var ute på gåtur i mørket, og det var så flott å sjå lys i alle dei små vindauga nede ved inngangsdøra. No gleder eg meg til at Emmas verden får inn dei små utgåvene; for eg har planar om å starte oppbygginga av ein heil by... ;) Dagen i dag er heilt fantastisk; sol frå blå, blå himmel, og haustfargar som glinsar i frisk haustluft. Har ikkje heilt bestemt meg for kva som skal skje, men har flott mose som eg henta på fjellet på onsdag. Har lyst å prøve meg på sånne mosehjerter i hønsenetting? Hadde vore fine inne på gravene vi steller. Uansett ynskjer eg alle der ute ein god, og innhaldsrik søndag!






post signature