.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



lørdag 13. mars 2010

Min nye hjerne-knagg

Av og til slår livet beina under deg. Du ligg der og ser opp mot himmelen, og lurer... Kva gjorde eg feil? Eg har tenkt mykje denne veka, og streva med smerter igjen. Kanskje er det ei meining med det? Kanskje skal ein møte motstand, for å huske kvar styrken kjem ifrå? For min del er det frå alt eg elskar å gjere. Alt som får meg glad, og som gjev bobler av lukke inni magen ein stad. Og frå gode ord og klemmar frå dei eg har rundt meg. Tusen takk for alle kommentarane på siste innlegget! Dei varma enormt, meir enn dokke kanskje anar. Eg har lest alle om og om igjen. Der var også fleire flotte awardar til meg innimellom. Eg veit. Og eg kjem sterkare tilbake. Eg LOVAR! Og kanskje orkar eg å plukke opp fotoapparatet og laga eit skikkeleg Elin-innlegg igjen snart. Enn så lenge, her er klatrehjelmen min! Fungerar som ein knagg inni hjerna mi, for alt eg skal hengje opp der av forventningar og skrekkblanda fryd. For denne jenta gir ikkje opp. Sånn er det med den saken. Eg vil føle vinden i ansiktet, skrekken i magen og lukka inne i meg når eg står oppe på toppen av fjellnåla i juli. Og sjølvsagt skal eg dele det med alle som vil følgje med!



Ynskjer alle der ute ei flott helg!
Grip dagen, og sjå alt det vakre du har rundt deg! 


onsdag 10. mars 2010

Mitt mål i 2010


No skal eg gjere noko som eg har vore usikker på om er så lurt... Eg skal dele ein stor draum med alle dokke der ute. Eg har bestemt meg for å bestige ei fjellnål i løpet av året. Eg trur det blir i juli. Eg har ordna med hjelp frå proffe til sikring, og skal kjøpe meg eigen hjelm. Ikkje for at eg har tenkt å utfordre så veldig mange fjellveggar, trur eg, men for å ha eit minne etterpå, viss eg klarer det? Fjellnåla heiter Bladet, og ligg i Molladalen på Sunnmøre. I fantastisk natur, stikk denne sylslanke spissen tredve meter til værs. Med 400 meter fritt fall på eine sida, får ein ei luftig oppleving. Kvifor eg gjer det? Eg ser på det som eit fysisk bevis på at eg er sterk både psykisk og fysisk. Og så vil eg gjerne overbevise meg sjølv om at eg er verdfull, sjølv om eg berre er eitt år frå førti. Eg har hatt helseproblemer i ti år, og vonar å leggje alt dette bak meg. Om eg klarer det? Eg veit ikkje. Men eg skal prøve, og gjere mitt aller beste.


 
Det er i dei hardaste stundene, du må tvihalde
på det du har sett deg som mål!


tirsdag 9. mars 2010

Baderomsdetaljar


Eit lite livsteikn berre. Med ny baderomsskåp, vart det litt endringar ellers også :) Gamal kasse til dorullar bl.a. Håper alle har det fint, eg beklagar igjen mitt fråvèr her inne!



Håper dokke får ei flott veke!


søndag 7. mars 2010

Det var ein gong ...







Kvinna lengst til høgre på nedste bildeklippet, er faktisk ganske frisk, 95 år gamal.  
Ho kunne nok fortalt oss meir om bryllupet?


Ha ein fin søndagskveld, og beklager at eg ikkje får tatt runden rundt om til alle dokke som legg att kommentarar! Har problemer med nakken min! Tusen takk for alle gode ord!


Bilder frå spiseplassen vår, helg og yrkje :)


Her kjem nokre bilder frå kjøkkenet vårt. Vi har inga spisestove, så dette bordet er både til helg og yrkje, som vi seier her på Sunnmøre. Uttrykkja skifter, alt etter som kva måltid som blir innteke. Bordet vårt er i valnøttfinèr, og stolane heiter Tower, og er danske. Den gamle, svarte slagbenken er eit bruktfunn, og har god plass til oppbevaring under lokket. Eg har lagt på porolon, og trekt med grått linstoff, for at han skal vere betre å sitje på. Mine fantastiske ekstrastolar står på veggen ved sidan av og smiler... Dei har enno ikkje blitt trekt opp att og måla; eg likar dei alt for godt slik dei er no... Barnestolen er frå Stokke. Legg merkje til stolryggen! Veldig god for ein liten rygg. På dette bordet foregår alt frå lekselæringa til draumetausa, mor sine bakestunder, til far si lesing til eksamen og skaping av lillebror sine kunstverk. Og sjølvsagt, gode måltid med familie og vener. Med kvit linduk, og besteserviset framme. Vi er eit typisk eksempel på ein familie som brukar kjøkkenet veldig mykje.