.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



lørdag 13. februar 2010

Ein ekte bloggar?

Det byrjar å nærme seg fem månedar sidan eg starta denne bloggen. Mykje har skjedd sidan slutten av september, og eg har lært veldig mykje om både blogging, og kommunikasjon. Og om å markedsføre seg sjølv. Mange bloggar kun for sin eigen del, altså utan å vere så opptekne av antal besøkjarar og kommentarar. Så har du oss andre, som har lyst å nå ut. Har lyst til å dele. Har lyst å inspirere andre. Veldig lyst. Men har eg blitt ein ekte bloggar no? Eller er det enno noko som manglar? Eg har ikkje Tilda stuff i heimen, ikkje Greengate heller. Men eg har fire zinkhus ;) så det skapar kanskje ein slags balanse? Eg har heller ikkje hatt eit "Keep calm and carry on skilt", før i går. Eg laga det sjølv altså! ;)
Men blir ein oppteken av å ha det andre har, eller blir ein inspirert av andre til å skape nye detaljar; og så blir det ofte til at ein velger ting ein har sett her inne? Eg er ikkje sikker sjølv? Såg at NIB tok opp problematikken med kopiering. Eg er veldig redd for å bli ein copycat. Ubevisst. Eg har sidan barndomen valgt annaleis enn alle rundt meg. Og det er noko eg håper å kunne fortsetje med? Ikkje på død og liv skulle ha akkurat det alle andre har... Men så ser eg ein ting eg berre synes er så fantastisk, og så har eg SÅÅÅ lyst på akkurat dette... Når eg starta opp, skulle eg forklare stilen i huset her. Og der kom eg til kort... Har lært no at eg nok er inspirert av det franske, med ein touch av factory, men likevel godt blanda med den norske landstilen... ??? Forstå det den som vil. Min interiørveg vidare er i alle fall litt klarare etter fem månedar med blogging. Og eg veit at eg kjem til å sjå tilbake på desse månedane med takksemd. Same kva familemedlemmar og samfunnet ellers meinar. Eg har gjort eit val, og eg er stolt av å ha kome med ein fot ut av bloggeskåpa. Der sat eg frå juni til slutten av september 09. Jantelova tilseier vel at ein ikkje skal tru at ein er noko. Og det er lett å få det stempelet, i alle fall her inne i grisgrendte fjordstrøk. Men det får eg ta sjansen på. Det er veldig misforstått, viss nokon trur ein bloggar for å vise at ein har det finare enn andre, eller kan meir enn andre.... Den som kjenner kreativiteten sprengje på, og samstundes er glad i å dele tankar og idèar, veit nok kva eg meiner? Eg trur nok ikkje eg er åleine om å ha desse tankane? Det har vore godt å vere så å seie anonym her inne. Å kunne vise og skrive, utan at kjende kritikarar frå mitt tidlegare liv sat og leste korrektur med argusauger... Men no er eg i ferd med å verkeleg dette ut av denne store skåpa, og ut i sollyset, der både skrivefeil, uttalelsar og intime interiørdetaljar blir avslørt... Men eg vonar verda vil ta godt imot meg? For eg er berre meg... Berre Elin med alle feil og manglar. Berre ei jente som er glad i livet, i medmenneskje, og som meiner det ho skriv til alle dokke andre. Elin med hjertet større enn vetet til tider... Eg veit... Eg har aldri kjend meg så heime nokon gong før i eit samfunn, som her inne. Så viss eg skulle slutte å blogge, er det i alle fall ikkje på grunn av mistrivsel i bloggverda. Eg er alle stor takk skuldig, for å få lov å dele med eit så flott publikum! Unik oppleving. Utan tvil. Berre gode ord. Og på grunn av dette siste, kjenner eg meg som ein ekte bloggar... ;)


 Keep calm and carry on!
 Ha ein fin dag i morgon!

I LOVE LEMON...

No er det andre helga mi utan lettbrusen. Er ganske stolt av å ha kutta ut noko så usunt. Noko som eg trudde eg måtte ha for å kunne kose meg, og belønne meg sjølv. Abstinensane er svakare. Kjem når eg snakkar i telefonen! Tydeleg at eg brukte å slå meg i eit glas då? Visste det ikkje... Og så sparer eg pengar. Mykje pengar. Det vil seie; eg har kjøpt meg nokre flasker Farris. Saknar kolsyra også. Men den store helten min no, er karaffelen med sitronvatn. Vi har to frå eva solo. Likar best den med tett lokk på. PRAKTISK! Og så synes eg at dei er vakre. Akkurat som sitronane eg har i skåler på kjøkkenet. Lyser så fint opp. Eg brukar den gamle pressa til å få ut safta, og har ein sitron i ein liter vatn. Eller så skjer eg opp skiver. Karaflane står i kjøleskapet, og eg drikk ca. 2 liter sitronvatn for dag. I tillegg drikk eg reint vatn. Eg må innrømme at det var eit innlegg inne hos Anetteshus som gjorde utslaget. Eg visste at der var mykje skadeleg i brusen, men ho skreiv om folk som hadde slutta, og følte lette etterpå. Eg bestemde meg der og då. Anette har mange gode råd, og eg følgjer med på hennar sunne tips måndagane! Anbefalast! Og så legg ho tullå her inn eit sunnheitstips på ein LAURDAG!? ;) Ikkje meininga å øydeleggje kosen! Ein bør drikke og ete alt med måte! Men for min del var det best å slutte med akkurat dette. 25 år er nok... Og så er eg redd forbruket skal auke raskt igjen viss eg prøvar meg på måtehald. MEN: grunnen til innlegget, er sjølvsagt dagens bilder! Ein må no berre nyte den flotte gulfargen!?






Have a lovely LAURDAG!


fredag 12. februar 2010

Rundtur i heimen :)

Hei! Her har det vore stille i dag... Pc`en kom med eit virusvarsel i går ettermiddag. Eg køyrde eit program for å ordne opp, men sjølv om alt såg ut til å vere i orden, kom det stadig opp nye feilmeldingar. Så i dag måtte min gode pc til spesialist. Heldigvis har min kjære ein kollega som kan mykje om slikt, og han har styra og stella for å ordne opp. Alt skal vere OK. Det var det nok i går også, men feilmeldinga har hengt seg opp, og vil vere her til neste oppdatering. MEN: eg ville ikkje risikere å gjere noko gale,og har difor ikkje fått vore innom alle dokke snille som legg att kommentarar! Så TUSEN TAKK! :) Helgavasken var ikkje den same uten musikken min, bloggepausane og alle smila som vanlegvis sprett opp i løpet av dagen. Men FOTOAPPARATET svikta ikkje! I dag har eg rett og slett gått ein tur rundt i hovedetasjen og tatt bilder. Har måla eit strøk til på utgangsdøra, og må nok ha endå eitt. Men FOR ein forskjell!
Og så lurer eg så veldig på; kvifor har eg ikkje gjort dette før???  






Fredagskvelden er her! Eg ynskjer dokke
alle ei velsigna god helg! :)



torsdag 11. februar 2010

DO - RE - MI...

Med snøv og snøv og atter snøv siste døgna, har eg kapitulert... Har ikkje vore ute og gått tur eingong. No er det tid for innesyslar. Starta dagen med å slipe ned inngangsdøra på innsida, deretter salmiakkvask, og no har ho skifta farge frå mørk blå, til eggekvit. FOR ein forskjell! Dette har vore ein "to do" ting i årevis. Men... Etter at vi fekk varmepumpa, har dørene stått åpne døgnet rundt, og her frå bloggestolen min, ser eg akkurat ei snei av henne. Og irritasjonen har vakse i takt med arbeidslysta. No er det gjort! Men denne vannbaserte målinga dug ikkje til slikt. Har lagt to strøk, men vil ha skikkeleg oljemåling på det siste. Bilda i dag er av det vesle pianoet til draumetausa frå Emmas Verden, og noteark eg har kjøpt av Hilde H. Dette er meir min stil, enn den forrige boksen eg pynta. Svært fornøgd med notane av tova ull på toppen. Veit ei som blir glad når ho kjem frå skulen. Små boksar trengs visst i hundredevis for sånne små frøkener? ;)






DO - RE - MI frå meg til deg!
Trallar litt og feirer at besøkjande nummer tjue tusen stakk innom før i dag!


Lego-date :)

Lillebror og mamma var heime åleine i går kveld. Vi hadde bestemt at vi skulle leike med lego :) Eg har prøvd å slå av tv`en minst ein time før leggjetid denne veka, i eit forsøk på å få til meir vanleg leik. Og då må eg også bli flinkare til å sette frå meg pc`en og vere med på moroa. -viss du skal ha pc`en, så vil ikkje eg leike med deg, var beskjeden når eg var innom bloggen :) -skal du berre ta bilder no då? Skal du ikkje byggje med meg? Så då måtte eg leggje vekk kameraet også. Og vi hadde ei fin stund. Huset vi bygde vil eg seie var i funkis stil, med mange vindauger. Og uten tak. Praktisk i Legoland... Plutseleg kom ein Turtle og angreip mannen og hunden,  som sat fredeleg på toppen av bygninga, og reiv ned ein heil vegg... Veit ikkje om slikt kan takast på vanleg husforsikring? Vel, vel; lillebror og eg har avtalt ny lego-date i kveld ;)




Håper dagen din blir god!


onsdag 10. februar 2010

Draumar om vår...

Tusen takk for alle gode ord før i dag! Eg vil sjølvsagt ha kommentarar, men eg vil berre at ingen skal ha dårleg samvet, om dei er innom fleire gongar for dag, når innlegga mine haglar på! Eg er velsigna med mange, gode tilbakemeldingar! Og siste veka har eg blitt litt kjend med mange nye bloggarar! Kjekt! I dag snøvar her igjen, og den knallblåe himmelen har fått gråe skyer, fulle av iskalde kyss... Likar så godt den skildringa av Anne Grete Prøys. Iskyss frå himmelen... Snøvkrystallar som dansar lett nedover mot jorda vår. Men no er det nok altså! Vi har hatt meir vinter enn på lenge. Og til alle dokke som er lei; eg gleder meg også voldsomt til våren! Drøymer om kvitveisengar, store fossar og lange lyse kveldar, med ei diger sol hengande over horisonten ute i fjorden... På søndag er det morsdag, noko som ikkje blir så veldig feira her i huset. Men alltid kjekt å få kort som borna har laga sjølv! Eg redigerer alle bilda mine i noko som heiter Picnik. Der har du mange mogelegheiter til å lage fine kort. Kanskje eit tips viss du skal lage eit? Bilda mine i dag viser eit gamalt kort frå 1907.  Saman med heng eit nydeleg zinkhjerte som eg fekk med snille Anne (Emmas Verden)






Ha ein barnsleg kveld! Her skal vi byggje lego!



Ikkje legg att kommentar! ;)

Hei! Som eg har sagt før; det er alltid veldig mange bilder som ikkje blir publisert her hos meg. Eg ELSKAR å ta bilder. Difor legg eg ut tre til frå gårsdagens flotte tur. Og det er IKKJE nødvendig å kommentere! Ikkje føl at du MÅ leggje att nokre ord! Eg får nesten dårleg samvet! Eg er inne i ein veldig produktiv periode, og kunne sikkert ha lagt ut innlegg fire gongar om dagen! Så kjære alle saman, kos dokke med bilda viss dokke likar dei! Eg legg sikkert ut eit ferskare innlegg seinare i dag!




Med ynskje om ein strålande onsdag til alle!


tirsdag 9. februar 2010

Skitur til kvennhuset


Eg har ikkje gått på ski siste åra. Har vore så redd for å skade ryggen igjen. Sikkert små sjansar for det, men... I dag tok eg på meg ski, og gjekk ein kort tur, til kvennhuset ved isfossen. Der var trolsk stemning, og elva og isfossen låg under ei mjuk, kvit kåpe av snøv. Når eg stod der, kom sola over fjellet. Fekk spørsmål før i dag om utsikta vår? Manipulert? Tok med eit bilde til slutt, frå litt lengre oppe i bygda. Sånn for sikkerheits skuld! Forresten; velkommen til alle nye følgjarar! Kjekt dokke vil vere med meg og drøyme...


Gjer tysdagskvelden spesiell!


Enno vinter hos oss...





Men vi er likevel ein dag nærmare mars og april... ;)
Ha ein fin dag!

mandag 8. februar 2010

Chanson d`Amour...

Eg har eit minne frå eg var lita jente. Mamma og pappa dansa på stovegolvet til Chanson d`Amour. Eg veit ikkje kvifor eg kom på dette i dag. Tenkte kanskje litt ekstra på pappa, som ikkje er hos oss lenger. Musikken og det skiftande vèret skapte bilda eg viser. Franskinspirert, fulle av minner. Nydeleg lys inne på kjøkkenet i dag, trass i at snøkavane står i kø ute i fjorden. Men det går mot vår! I kveld vil eg også danse... 





Vil gjerne oppfordre deg til å vise godheit mot nokon som har det trasig. Anette Willemine bad oss om dette i sitt innlegg i dag. Noko eg også skal gjere. Det tek gjerne berre nokre minutt for meg, men kan vere av stor betydning for den eg gleder...


Blomar til mor...

Verdas godaste mamma fyller år i dag! Og eg sender mine beste ynskjer for dagen, og framtida!
Bilda er frå det nesten ferdigdekka bursdagsbordet i går, inspirasjon : VÅR...





Eg sender også gode ynskjer for ein fin måndag,
og ei flott, ny veke til alle dokke der ute!

søndag 7. februar 2010

Ave Maria...

Ein kan nok bli lei av å lese om alle desse draumane mine... Men eg har så veldig mange... Og ein av dei gjekk i oppfylllelse i går. Eg har spart til ei madonna frå Jeanne d`Arc Living, og på turen min til
Emmas Verden, fekk denne skjønne dama bli med meg heim, saman med spegelen bak henne. Ho er så vakker, og har tilført huset vårt ei eiga ro. Ho har fått plass oppe på kassene mine i gangen, saman med ei gamal skinnveske, eit rusta kors og eit hjarte frå House Doctor. I armane sine har ho eit heimelaga smykke, av små ornament, også kjøpt på Emmas Verden. Eg tok ei lenkje, og festa kors og amulettar på med tynn ståltråd. Eg sit i loftstrappa og beundrar henne i kveld, i det lune skinet frå stearinlysa...
 Ave Maria, så mild og god... 





Ave Maria, gratia plena
Dominus tecum, benedicta tu
In mulieribus et benedictus
Fructus ventris tui Iesus.
Sancta Maria, Mater Dei,
Ora pro nobis peccatoribus,
Nunc et in hora mortis nostrae.
Amen

Ver helsa, Maria, du som har fått nåde,
Herren er med deg.
Velsigna er du mellom kvinner,
og velsiga er ditt livs frukt, Jesus.
Heilage Maria, Guds mor,
be for oss syndarar,
no og i vår dødstime.
Amen.

Ha ein fredfull søndagskveld!