.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



lørdag 30. januar 2010

Grå og grøn laurdag :)

Hei alle mine herlege, kjekke lesarar! (OK, det var kanskje over the top...) Men at det er kjekt å blogge, er vel ingen tvil om, når så mange er innom på ei veke! Og med åtte tusen lesarar i januar til no, føler eg meg audmjuk og glad. Men til alle som trur det er mykje; så er det altså ikkje det. Eg veit om fleire bloggar som starta opp samstundes med meg, som nærmar seg førti tusen lesarar. Eg var ikkje så veldig flink i starten til å markedsføre meg sjølv. Så tiande desember nådde eg fem tusen lesarar. Grunnen til at eg skriv dette, er alle kommentarane eg har fått, og mailar, der dette er veldig fokus på. Eg vil minne alle om at å blogge handlar om å ha det kjekt. Sjølvsagt er der moro at teljaren fyk avgarde, og ein kjenner at andre vil lese det ein skaper, men det kan fort bli stress av det også. Det kjenner eg sjølv. Så oppfordringa i dag, må bli å kose seg med tekst og bilder, og vere mindre oppteken av populariteten til bloggen din. Ein annan ting er kva slags teljar ein har. Om det er unike treff eller alle treff som blir registrert. Eg ANAR ikkje kva slags teljar eg har? Eg var berre glad eg klarte å leggje inn desse HTML sakene på rett plass. Eg kunne ingenting om noko når eg starta. Eg har lest meg til det eg kan her inne. Difor er her ikkje så mange fancy knappar du kan trykkje på, og designet er svært enkelt. Men det funkar for meg? Men hadde eg hatt her ein proff,
var det mykje eg kunne tenkt meg å ordne på!

 I dag er eg trøtt, var oppe alt for lenge i natt etter ein hektisk dag. Men alltid koseleg å ha besøk! Så eg stod midt på kjøkkengolvet og gjespa i formiddag, og såg meg rundt. Og viss nokon lurer, kom motivet på plass på fem minutt, fotograferinga tok vel 15 minutt, redigering og ferdigstilling av innlegget ein god halvtime. Så her er det ferdige produktet, gråe detaljar, med eit snev av vår... Og eg er glad for å vise nokre ting frå ein yndlingsleverandør, Walter & co. Meiner at blomane tilhøyrer krysantemumfamilen.







Håper du vart inspirert?
Nyt laurdagen! Her snøvar det igjen!






fredag 29. januar 2010

Vinterdraum del II...

Eg vil gjerne dele fleire inntrykk frå formiddagen i dag. Ein time etter bilda under her vart tatt, stoppa vaskinga mi opp igjen. Himmel og fjord skifta ham frå blåtonar til eventyrrosa... Ubeskriveleg vakkert! Sola si openbaring i fjella bak bygda mi, skapte fargespel i skyene, og ein grå draume-måse sveva over fjorden... Ser du han? Med desse bilda, vil eg ynskje alle saman ei god helg! Bruk ho fornuftig!

Eg vil også takke for ny award!
Denne gongen frå Søstrene Andersen.
 Ein blogg eg likar veldig godt.
Lille- og storesyster Andersen
byd på inspirasjon eg set stor
pris på! Absolutt verdt eit besøk! :)
Tusen Takk for gode ord begge to!


Vinterdraum...

Ein stor rund måne skein inn gjennom soveromsvinduet når eg vakna i dag. Eg har alltid vore fasinert av månen. Lyset er så magisk. Og sjølv om eg var godt i gang med husrydding, måtte eg ut i den blå timen. Kuldegradene har kome att, ned mot ti stykkjer klokka åtte.
Snøvinga har gitt seg, og alt er reint og kvitt igjen... Ein vinterdraum...




Eg ynskjer deg ein strålande fredag!



torsdag 28. januar 2010

Med inspirasjon frå Jeanne d`Arc Living...


Og så treng vi nokre innlegg, utan så mykje prat!
Har kosa meg i ettermiddag! Buketten er ei visuell gåve til Gùa...







Bilde og avis kjøpt hos Hilde Heimdal


Award :)

Eg var så heldig å få ein award tidlegare denne veka. Eg fekk han frå Dronning Bergfrue. Eg kjende ikkje til denne bloggen, og vart veldig glad for å få ein award frå ein for meg ukjend bloggar. Eg har ikkje lagt ut awardane mine på sida her, men eg er svært glad for å få dei! Eg er også svært glad for alle følgjarane som har lagt seg til lista mi siste vekene! Velkomne inn til meg! :) Eg er meir glad også eg i dag! For at fleire anonyme lesarar har lagt att hyggjelege meldingar til meg! Eg veit at det kan vere litt vanskeleg, og skummelt første gongane. Men; når den fyrste er skriven, brukar den neste å vere lettare! Eg sat sjølv og knota då eg oppretta ein googlekonto i fjor i juni. Eg byrja på ein blogg, utan å forstå noko som helst. Bl.a. kunne eg ikkje få til bilder inne i teksten? Eg skreiv mellom fem og ti innlegg, og var ikkje offentleg. Alt stoppa av seg sjølv. Så ut på hausten, prøvde eg igjen. 24.september sletta eg alt eg hadde skrevet i juni, og publiserte mitt fyrste innlegg. Eg ser no, utan at eg visste det, at bloggen min var fire månedar sist søndag! Når eg hadde "opptelling" til 15.000 besøkjarar. Eg veit mange andre som har langt fleire besøkjande enn meg på fire mnd. Men for meg, er dette utruleg. Og eg har bestemt meg for å glede meg over alt som er å rope hurra for! Teljaren kom på plass fjerde oktober. Og eg var deppa rett lenge. Eg la att kommentarar med gode medbloggarar, og venta på svar. Men der var allereie så mange svar på kommentarlistene hos dei eg beundra, at eg ikkje kunne forvente at nokon såg vesle meg? Men det gjorde dei. Desse rause, flinke damene. Ganske utruleg, for dei hadde meir enn nok å ta seg av frå før! Og slik har månedane gått. Eg skriv dette innlegget, for eg ser hjertesukka blant alle nye navn på kommentarlista mi. Og det er ei fryd å sjå alle som startar sin eigen blogg. Tøft gjort! Ha tolmod! Det må vere mitt beste råd. Og du må gje, for å få...

Mitt fyrste innlegg ser du HER :)

Eg vil gje denne awarden vidare til dei nye bloggarane som er innom bloggen min i dag! Og viss du aldri har fått ein award før, så får du denne av meg! Stå på! For å kopiere han, og sjå reglane, gå inn på bloggen til



onsdag 27. januar 2010

Inspirasjon?

Eg er taletrengt for tida. Sikkert for at eg har vore i kontakt med så mange kjekke medbloggarar siste dagane! Eg har fleire gongar fått spørsmål om kvar eg hentar inspirasjon? Og svaret var ikkje så lett å gi. Min inspirasjon er livet eg lever. På gode dagar er idèane mange, på dei dårlege er det lite futt i meg. Sånn er det nok for alle. Eg trur dette med å skape er medfødt. Berre at somme har meir trong til å leve det ut enn andre. Eg trur nok ein del av dei som ligg på toppen av denne statistikken, er å finne her inne i bloggverda? Eg las ein artikkel ein dag, der det stod at ein bloggar for å bli sett, og anerkjent av andre. Det stod så dumt, fekk det til å sjå negativt ut? Det er vel ingenting gale i å bli sett? Eg trur det hadde vore smått med utvikling i verda, dersom grunderar og andre foregangsmenn og kvinner ikkje fanns? For å bli inspirert, og vere kreativ er det viktig å ha det godt med seg sjølv. No veit eg at mange kunstnerar arbeider best i tungsinn. Men for oss som likar å styre med interiør, har eg ei kjensle av at godt humør er viktig? Ellers blir eg veldig inpirert av stemningar og synsinntrykk. Eg har mange favorittbloggar, for det finns SÅ mange fine. Men er veldig svak for Islandske Gùa, og hennar blogg Hvitur Lakkris. Dessutan er Gùa ei kjempeflott dame, med meir enn eit vakkert hus. Ho skriv godt, og lyser opp mitt indre! Eg ser aldri det heilt storslåtte i ein blogg med vakre bilder, viss der ikkje er ein hjertevarm person bak...

Idèane mine veit eg ikkje kvar dei kjem ifrå? Men eg er eit nattmenneske, og det meste gale eg funderer på, skjer etter klokka tolv... Det vere seg avispapirgardin eller skriving på boka mi. Og så har eg bilda mine. Det er nok dei som verkeleg hjalp meg i gang att i haust. Eg elskar å ta bilder, og ellers å studere interiør eller natur. Eg er lett å gjere glad :) Eg tek ofte mellom femti og hundre bilder for dag. Så blir dei lagra på den eksterne harddisken min, i mapper på dagens dato. Og eg har SÅ mange fine, som aldri når offentlegheita :) Bilda under her, tok eg klokka ett natta til mandag. Og eg trur det var der alt det franske eg har babla om denne veka, kom ifrå. Så her er eit reelt eksempel på Elininspirasjon, med element eg berre ELSKAR! :)




Fortell meg gjerne om kva som inspirerar deg!



Nye avisgardiner med fransk touch... ;)

Fyrst: tusen takk for overveldande respons på innlegga mine i går. Og i dag. Anonyme Regina braut ei barriere ved å leggje att ein kommentar. Eg vonar fleire gjer det etter dette, også på andre bloggar enn denne. I dag regnar og sluddar det på Sunnmøre. Lillebror har fått seg ein fridag, og er heime og kosar seg. Han vil ha datamaskina, så no må eg få ferdig dagens innlegg! :) I natt, for eg vart sitjande å bli kjend med nye bloggar, tenkte eg at eg måtte få på plass nye gardiner i gangen. Dei gamle måtte ned, når varmepumpa kom på plass. Meininga er å sy liftgardiner i lin, med svart trykk av bokstavar eller tal. MEN: innsynet er stort, og eg trong ei reserveløysing så lenge. Franske aviser frå 20.april 1950 kan gjere susen? Og dermed var det tenkt, og då MÅ eg ordne det med det same! ;) Mc.Dreamy, som så kjekt uttalte i går at han var alltid einig med meg, fekk seg nok ei overrasking når han fòr ut gjennom døra i dag tidleg... Men mine franske avisgardiner fungerar utmerket! Kanskje skal dei få vere der ei stund. Dei passa i alle fall bra? Akkurat breie nok. Lillebror stod med hovudet på skakke, og studerte mors kreasjonar. -var det ikkje stilig? Eg veit ikkje om ein fireåring kan ta slikt innover seg, men han nikka og var einig.
-men mamma, eg vil ha med Spidermann på! :)





Ha ein flott onsdag!


tirsdag 26. januar 2010

Til Regina, og de andre som les bloggar!

Anonym sa...

"Hei, Elin.
Eg er ein av dei anonyme følgjarane dine. Eg har vore innom sida di kvar dag sidan eg oppdaga deg i oktober. Og for ei glede du har gjeve meg! Estetisk fryd over vakre bilete og velforma tekst, såvel som kloke ord til ettertanke. Eg har også fått følgje ei jente som var litt famlande; "er det nokon som ser meg?" gjennom ei utvikling mot stadig aukande sjølvtru og glede. Og eg har gleda meg med deg!
Prosessen du har vore i viser kor viktig det er at vi menneske verdset kvarandre, og gjev uttrykk for det.
Hald fram med å skrive nynorsk. Det er identiteten vår. Dialektuttrykka er smakfulle krydder! Ingen grunn til prestasjonsangst. Du gleder så mange! Eg vil fortsetje å følgje deg, og så får vi sjå om eg får hjelp til å bli mindre anonym etter kvart. Eg er ikkje så flink med data!

Gode helsingar frå ei med røter i Fjorden,
Regina"

Denne kommentaren låg under innlegget mitt før i dag, saman med uendeleg mange andre gode ord. Eg ser i etterkant at teksten over bilda sikkert virka litt mismodig, med det er eg altså IKKJE :) Men av og til kan det jammen vere godt å bli så alldeles vekkskjemd med skryt! Eg synes det er enklare å gi gode ord, enn å motta dei... Slik også no. Eg har vore velsigna med svært kjekke medbloggarar og kommentarar heile vegen, sjølv om Hulda Husfrue var ganske åleine om å leggje att kommentarar ei lang tid. Så takk til deg Hulda, viss du les dette! Eg kjende kun Marianne når eg starta, og ho hjalp meg i gang. Men så litt etter kvart åpna verda her inne seg opp, og det stod vakre menneske og nikka på kvart gatehjørne. Nokre med åpne armer, andre litt meir tilbaketrekt. Men alle hyggjelege og smilande. Slik var i alle fall mi oppleving av det heile.

Det som forundra meg med kommentaren til Regina, er at ho traff spikaren så rett på hovudet, at eg grøssa aldri så lite... Etter det felte eg ei tåre eller to, og så vart eg varm i bringa, og glad heilt frå tærne og opp i det nedbleika håret mitt. Ei dame eg aldri har høyrt om, ikkje veit kven er? Det gjorde sånn inntrykk, at ein heilt ukjend person hadde fulgt reisa mi her inne, og observert følelsane mine, og dernest sett styrken min kome. Skremmande også, fordi ein blottlegg seg sjølv, utan å tenkje på kor mange som kanskje les deg som ei åpa bok...  Men no er eg Elin igjen. Mindre redd for kva andre synes, og meiner. Eg kjem aldri til å bli god på kritikk, for slike ord går rett i sårbarheitstanken min inne i hjertet ein stad. Men eg jobbar med å drenere slikt til tøffheitstanken min. Veit berre ikkje heilt korleis røropplegget skal gå? Kjenner at kanalane blir bedre med åra...  For nokre dagar sidan prøvde eg å forklare Kristine om alle desse "silent readers" som får fart på teljarane, men ikkje "yter" noko tilbake. For ein blogg er noko vi velger å ha sjølv, vi utleverar teksten vår, bilda våre, musikken vår... Vi kan ikkje forvente å få noko tilbake. Men ein håper på det? For det er så inderleg godt å få tilbakemeldingar. Gode sjølvsagt.

Så kjære Regina! Du røyvde ved noko djupt inni meg, og eg er veldig takksam for dei gode orda dine! Og at du gleder deg over at eg har funne att gleda mi; det er noko av det beste vi kan gjere som medmenneske! Eg håpar at du blir mindre anonym etter kvart!

Eg vil oppfordre alle blogglesarar om å leggje att ein kommentar hos ein bloggar som betyr mykje for dei i kveld, eller i morgon. Og så vil eg også oppfordre til å ta vare på nye bloggarar, slik som Hulda la sine gode vingar rundt meg... Det kan ha mykje å seie for fortsettelsen! Tusen takk for at dokke vil vere med på reisa  i draumeverda mi! Det hadde vore litt stusseleg her, viss eg var heilt åleine...






Je t`aime...

Eg elskar mine gamle, sletne stolar for mykje til å pusse dei opp... Slik er det med den saken. Og når Mon grand amour også er enig, får herligheitene vere hos oss slik som dei er. Dei er støvsuga, pussa og vaska. Så fekk begge to ein klem, og så står dei berre fint og ser vakre ut... Og dei er flotte til ekstrastolar ved besøk. Tallerkenhylla fekk litt nytt innhald, og heldige meg fekk pakke frå Hilde H i går, med franske aviser! Og gamle noteark, og strykemerker og lite kors og kort og... Hilde meinte ho hadde tatt for mykje porto? Og så hadde ho fyllt opp pakken med så mykje fint! Tusen takk! Avisene fekk sjølvsagt kome opp på plexiglasborda med ein gong. Lovely! :) Ellers må eg seie at dokke imponerar meg med besøk? Kjempekjekt! Håper berre at bloggen innfrir forventningane? Kjenner presset aukar, etter kvart som antal innomkikarar aukar for kvar dag... Er dette  interessant nok? Er bilda gode nok? Tørnar du av musikken eg har her? Og er det på randen av det akseptable med all denne nynorsken? Fleire skriv at dei likar at eg brukar dialekt. Men eg prøver å skrive nynorsk. Det smett sikkert eitt og anna lokaluttrykk inn mellom her. Og i dag til og med franske gloser. Det er LENGE sidan eg hadde fransk på gymnaset, og eg huskar lite... Men ein må no berre vrenge hjerna og trykkje ut nokre fraser, når desse vakre avisene har kome i hus!












Au revoir!



mandag 25. januar 2010

Ny veke, nye utfordringar : DRAUMESTOLAR!

Sjølv om eg har ein litt dagen derpå følelse i dag, var det utruleg moro å få inn ein vinnar av GiveAwayen på tampen av kvelden; eller heiter det i byrjinga av ein ny dag? ;) Har pakka inn ramma, og skal sende ho til Eli i morgen! Ellers må Hildegunn sende kva tekst ho vil ha på skiltet sitt. Men her i draumeverda skjer det stadig ting. Det er ikkje rom for kjedsamheit i alle fall! Siste par inn i huset, er to draumestolar. Og då meiner eg seriøse, herligheiter med Jon Blund støv på dei gamle seta... Og eg er så forelska i dei sletne møblane, og det falma stoffet! Meininga er sjølvsagt å pusse dei opp, men... Ah, sukk... Måtte i alle fall ta bilder av dei eine inne på kjøkkenet. Og han var skikkeleg fotogen! :)






No skal eg rydde vaskerommet. Kanskje kjem det ein innlegg frå den kanten seinare i veka? "Vis meg vaskerommet ditt?" For garva bloggarar har vel den utfordringa gått også? Tips meg om det?



Ha ein flott måndag der ute! :)



 

And the winner is : Hverdagen vår! Hurra for Eli! :) Og Hespe! Hurra for (ei trøtt?) Hildegunn! :)

Dette vart seint, men kor kjekt! 1.05 satsa Hildegunn med bloggen Hespe, som den argaste Holmenkollendeltakar, og jammen traff gromtausa rett på hoppkanten! Gratulerer som besøkjande 15001! (Skulle tru det var nr. 1.000 000 sånn som eg styrer) ;) Ho vinn eit Draumeskilt, eller eit marerittskilt, vi får sjå! No skal senga bli god! Hildegunn skulle velge eit tal mellom 1 og 63, sånn på sparket. I tilfelle ho hadde lagt seg, brukte eg ein nettstad for å plukke ut eit tal også. Nettstaden plukka ut nr.15. Så kom det melding frå Hildegunn: Tallet er 15!!! Dette gjorde meg litt i sånn "åndenes makt"-stemning... ER DET MOGELEG!!!???



 Men dei to som plukka tal, er heilt einige: Herlige ELI med bloggen Hverdagen vår er vinnaren av ramma som heng på kjøkkenveggen min! Og Eli er ei dame eg setter STOR pris på!

GOD NATT, OG TAKK TIL ALLE SOM SKAPTE
550 TREFF I GÅR!

KLEM FRÅ MEG!


  

søndag 24. januar 2010

15.000 besøkjarar før klokka ett i natt? :) ;)

Kjære alle gode medbloggarar! Her har vore over 400 treff sidan i ettermiddag! Eg som håpte på noko slikt innan eitt døgn!!! Og så mange nye navn og fjes! Takk til alle som har blitt følgjarar, dette inspirerar verkeleg til å fortsetje blogginga! No gledar eg meg berre til å trekkje vinnaren av ramma, og vente spent på kommentar frå besøkjande nr. 15.001 :)






Blir du besøkjande nr. 15001?




I løpet av det neste døgnet kan teljaren min nå 15.000 besøkjande. Det varierer ein del frå dag til dag, men i og med Foreldremanualen planlegg eit innlegg i kveld om rommet til draumetausa, blir det nok fleire enn vanleg som finn vegen inn i draumeverda mi? Legg ut dette innlegget i god tid. Trekninga av ramma, kan du melde deg på ved å trykkje HER.



Men er du besøkjande nr. 15.001, kan du leggje att kommentar på dette innlegget! Då vinn du eit skilt, med sjølvvalgt tekst!
På max. 6 bokstavar.


Eg trekkjer ramma med ein gong teljaren bikkar det magiske talet. Lykke til alle som har meldt seg på! Eg kjem til å sakne premien, ho er så søt på kjøkkenveggen her! Eg vil samstundes takke alle som har lagt att så mange vakre og gode ord om bloggen min på kommentarfeltet under GiveAwayen min! Mange nye navn og menneske, eg ikkje har hatt kontakt med før!
Skal prøve å ta meg ein tur innom alle bloggane som tilhøyrer dokke!


Ha ein flott søndag alle der ute!