.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



lørdag 19. desember 2009

An Angel in Pearl of Fjords...


 








post signature

fredag 18. desember 2009

Ein tidleg, rosa desembermorgen...

I dag har vore ein "ute av huset" dag. Har vore på handletur, og ordna siste innkjøpa til jul. Var oppe alt for lenge i natt, og fekk ferdig julepyntprosjektet mitt, og skreiv alle julekorta (!) Ein snill nabo hjalp meg med printer! Takk! :) Så no er konvoluttane også på plass. Hadde tenkt å lage, men eg blir så gåen i ryggen av sånt småpusleri. Eg har hatt ei god veke, og har fått gjort mykje i det fine vèret! Eg pynta inngangspartiet i går. Har lånt ein zinkbalje av mamsen, og fyllt han med edelgran og lerk. Hadde eit prosjekt med eit grangirlander for nokre dagar sidan, men det stoppa opp. No kan det hende eg gjer ferdig dette, men eg har bestemt at det må vere lystbetont. Slik som alt ein finn på no før jul. Med ein gong ein byrjar å presse seg sjølv, og tida, blir det ikkje noko kjekt lenger. Så då har eg lært meg å kutte ut. Og det har virkelig vore mykje som ikkje har blitt gjort siste åra. Difor er det ekstra kjekt å ha hatt ei slik fin, lys og produktiv adventstid i år! Det vart også laga nokre små tyttebær-lyng kransar i går kveld. Det var enkelt! Tok ein litt tjukk ståltråd, og forma rundt ein vase. Fem like store rundingar. Og så var det berre å tvinne på lyngen med ein tynn ståltråd. Dei har fått plass på gardina saman med zinkhjerter og band. Eg sprang rundt i huset før eg reiste, og tok nokre bilder i det rosa morgenlyset. No i kveld har her kome eit lett dryss med snøv, men berre som melis. Gùa i Sverige meinte at det var englane som baka når slikt skjedde :)
Og DET var no ein fin tanke! :)














Det er fredag igjen, og no nærmer julaften seg!

Ha ein fin kveld!





post signature

torsdag 17. desember 2009

Kvennhuset ved isfossen

Takk for alle gode ord og kommentarar! Dokke er herlege! :) Solstjerna var IKKJE manipulert.
Veit ikkje heilt korleis det har skjedd? Har sendt eit spørsmål til bloggen BO om hjelp til forklaring.
Ikkje alle dagar blir slik som ein har tenkt? I dag for eksempel :) Eg hadde ikkje planar for fotografering i det heile tatt. Viss nokon lurer... Men når sola kom lysande over fjella inne i fjorden; så skjedde det eitt eller anna inne i meg. Dei gamle skiene! DEI må eg ta med på tur! Men kvar? Her er ikkje snøv nede i bygda, og eg hadde ikkje tid å reise så langt heller. Og så gav svaret seg sjølv ein stad oppe i alle kreative hjerneceller, som sprang rundt kvarandre og hoppa julebukk i andre glitrande høgtidsprosjekt. Kvennhuset. Det einaste som står att ved elva oppe i bygda. Eg har vore der før. Får aldri nok bilder av slike stadar... Og til alt overmål hadde fossen ved sidan av blitt til ein isskulptur av dimensjonar! Elin gjorde ting ho ikkje kan igjen; ho klatra i ein frosen foss... Det var glatt... Skal ta på brodder neste gong! :) Eg var faktisk "inne" i fossen, med vannspruten susande over meg. MEKTIG! Bilda mine er forresten lite redigerte. Elskar å liggje rett ut og prøve og prøve... Til slutt blir det som regel bra! Men i dag var skogbotnen kald! Minus sju grader riv i nasen her inne i ein fuktig fjord!


















Så alle saman; ha ein fin torsdagskveld! :)



post signature

onsdag 16. desember 2009

Når ord blir overflødige...

Det har vore ein draumedag... Og eg har igjen energi, sjølv om eg har vaska ned romma til ungane, vore på fototur, kjøpt juletre, og fotografert ungane i den blå timen... Dokke anar ikkje kor glad eg er for å orke alt dette! :) Og det kalde, lyse vèret skal halde seg inn i 2010... I dag blir ord overflødige... Enjoy!









Og no er dagen på hell... Storesyster og lillebror ynskjer alle ein fin onsdagskveld... Forresten; vi er ganske sikre på at det er våre kjære i himmelen som har skapt om sola til ei stor julestjerne på bildet over...




post signature

tirsdag 15. desember 2009

AWARD til...



Eg fekk ein nydeleg award frå Marianne sist veke, og vil no gje denne vidare til tre fine bloggar. Og det er mange å velge i! Men i dag går prisen til tre som har nye innlegg ofte, og som eg er innom nesten dagleg. Med kreativitet i massevis, koselege heimar og så mykje energi, at dei bobler over, og gir av seg sjølv er:




BEATES VERDEN


Eg er blitt avhengig av ei dags dose inspirasjon frå dokke alle :)
Takk også for koselege ord og helsingar her hos meg!


Med dei beste ynskjer for dagane fram mot jul til alle!

Elin


Nattleg julepynt...

I går kveld livna det i lundar; eg fekk ånda. Etter klokka elleve løsna det skikkeleg; og eg laga julepynt. Var sikker på at eg enten hadde sett desse søte sakene hos Maliva eller Hespe? Men fann dei ikkje igjen. Derimot fann eg eit innlegg av Hildegunn som eg ikkje hadde sett før. Då var klokka tolv, og alle i nabolaget såg ut til å ha gått til ro. Korleis skulle eg få ei sandkakeform flat då? Såg at Hildegunn også hadde bråka med hammar seint på kveld ;) Eg brukte ei tang, og banka berre litt til slutt, på matta ute i hagestova. Har ikkje fått klager, så eg reknar med at ingen vakna! :) Eg veit ikkje korleis ein skal feste saman desse papirtinga, men det heng då ihop! Synes pynten vart vakker, og nostalgisk. Var heldig å få ei tysk gramatikkbok frå 1909 i går. Det var starten på heile prosjektet... No skal eg inn på aldersheimen og lese på julefesten for dei som bur der. Har funne fram ein artikkel eg laga i 1994, der mormora mi på 90 år fortel om si jul på byrjinga av 1900-talet. Julepynten har sett meg i den rette stemninga, og eg er klar for ei tidsreise!











Spør ein eldre slektning eller bekjent om jula før i tida, viss du skulle trenge litt inspirasjon og kjensle av høgtid...




post signature

mandag 14. desember 2009

Juleskåpa på stova

Regn i dag også. Og elendige lysforhald i huset. Håper at nissen kjem med den blitzen til meg!!! Eg er så bortskjemd med klarvèr og sol, at eg har nærmest abstinensar!!!  Men eg forstår at andre delar av landet som har hatt gråvèr, endeleg får sjå sola... Så då får det vere greit - for denne gongen! :) Eg har prøvd å ta bilder av ei skåp som eg måla kvit no i haust. Ho har fått plass mellom tv-stolane våre, og har fått lyslenkje frå Bloomingville i anledning jula. Kjøpt hos Emmas Verden :) I ei slik skåp synes eg det meste blir fint. Har prøvd å vise litt detaljar; men som sagt; elendig lys! Oppe på toppen tronar ei kjøtkvern. Kviler så godt der oppe, og har full kontroll på kva eg styrer med her nede i stolen min. Eg er sikker på ho tenkjer; "ja, det var meir action før i tida, då folk brukte meg til jul!" ;) Jula mi er ikkje så raud. Det såg eg godt no når eg sat og redigerte bilda. Men litt raudt er der no; på dei gode polkagrisane eg fekk av Hespe!










Eg ynskjer deg ein effektiv måndagskveld!
(men ta det litt med ro også...) ;)





post signature

søndag 13. desember 2009

Juleverkstad, Lussekattar og tredje søndag i advent :)

Trettande desember kom til oss med regn. Og det er så uvanleg no, at eg liksom punkterte... Men så kom eg inn på bloggen her etter frokost, og såg at eg hadde vunne hjerte frå Drømmen om en eplehage! :) Kva i alle dagar er det som skjer? :) Eg har IKKJE vinnarlukke, så eg smiler frå øyre til øyre! Denne veka har vore prega av den eine overraskelsen etter den andre! Jul på forskot... ;) No har vi vore på juleverkstad i grendahuset. Så mange flinke born, at eg er heilt imponert! Eg melde meg friviljug til lussekattbaking; for eg er som kjent ein ræser med deig! (dette var ironi, viss nokon lurer!) Men lillebror måtte vere heime. Feberen vil ikkje sleppe taket. Han fekk seg ein lussekatt no når eg kom heim, og så reiste pappa i huset opp for å vere saman med storesyster. Ho er forresten glad for at så mange kommenterte bilda av henne! Tusen takk for alle gode ord! :) Så for å la lillebror også ta del i dagens dato; vart vi einige om at han kunne vere Lucia her heime. Og det vart ei kjekk stund.



 LUCIA kan du lese om her, wikipedia har fleire versjonar om kvifor vi feirar trettende desember. Santa Lucia leid martyrdøden, og ein liten stallgut såg drapet, og måtte bøte med livet sjølv.

Svart senker natten seg i stall og stuer. Solen har gått sin vei, skyggene truer.
Inn i vårt mørke hus stiger med tente lys Sanc-ta Lu-ci-a, Sancta Luc-cia.

Natten er mørk og stum. Med ett det suser i alle tyste rum som vinger bruser.
Se, på vår terskel står hvitkledd med lys i hår Sanc-ta Lu-ci-a, Sancta Luc-cia.

"Mørket skal flykte snartfra jordens daler." Slik hun et underfulltord til oss taler.
Dagen skal atter nystige av røde sky Sanc-ta Lu-ci-a, Sancta Luc-cia.



Tenn lys!
Tre lys skal flamme for alle som må sloss.
For rettferd og for friheit. Dei treng hjelp av oss.
Må ingen miste motet før alle folk er ett.
Tenn lys for dei som kjempar for fridom og for rett.





Ha ein fredfull kveld!