.

Hei! Dette er den gamle bloggen min! Viss du trykkjer på bildet til venstre med fjøra, kjem du til den nye bloggen min!!!

Velkommen! :)


This is my old blog. Push the picture with the feather at your left, to visit my new blog!

Welcome! :)



lørdag 7. november 2009

Slettvoll it is! :)

Blei svært imponert over at Charlotte med "Min lille blogg", hadde klart vårt spørsmål i går! Draumetausa er meir flau enn glad akkurat no, for ho synes ho ser så sur ut på bildet! :) Men ho er no veldig blid til vanleg då! Ho skulle prøve å vere alvorleg, etter eige ynskje, og det er no IKKJE så enkelt. Eg er kjempeglad i Slettvoll sine produkt. I katalogane deira, og i utstillingane på butikkane. Eg trur nok dette har vore til stor hjelp for meg siste åra, i å finne min eigen stil. Jordfargane som har vore brukt, blanda med det heilt lyse og lette er midt i blinken synes eg! Viss nokon har innspel på kva eg bør kalle stilen min, er eg svært takksam! For eg veit ikkje heilt kva eg skal kalle denne samanblandinga mi? Eg treng også ei bruksanvisning på korleis eg skal lage ei kobling til ei side? Ville helst legge ein link no til dette bildet i Slettvoll sin katalog, for ikkje å gjere noko ulovleg? Så det er eg også takksam for; viss nokon vil hjelpe meg med nokre ord om dette! Veit at det er enkelt? Så med fare for å bryte Noregs lover, her er det originale bildet, lånt frå Slettvoll sin siste katalog!



                                                                                                                               http://www.slettvoll.no


Håper de alle får ein jønå god laurdag! :)



post signature

fredag 6. november 2009

Har du sett dette motivet før?

Eg veit at dette vil vere eit vanskeleg spørsmål? Eg og draumetausa har gjenskapt eit bilde, som ein finn i ei velkjend brosjyre for ein kjent, norsk møbelprodusent. Er det nokon der ute som klarer å huske dette bildet? Eg var heldig å få vere med når katalogbildet vart tatt i 2005. Ei draumeveke der produsenten brukte lokaler eg var ansvarleg for, til å skape sine draumebilder. I nyaste katalogen dukka dette bildet opp att på ein vegg i eit lokale der møblane visast. Klarer du dette? :)



Tipper at veldig mange har bladd gjennom denne brosjyra i haust, kan vel avsløre at produsenten held til på Sunnmøre, og har eigne butikkar...



God helg!


post signature

Haust i vintermånad

Vi får sola omtrent klokka tolv no for tida. Det er ubeskriveleg vakkert når lyset kjem og treff hagen.
Alle blomster som tviheld på livets rett, blir som små eventyr. Gullkanta og glitrande.



Minusgradene slo til i natt, og det er vel ikkje så merkjeleg etter fleire veker med klarvèr. Fullmåne kveldane som lyser opp heile bygda, og forkortar vinteren dag for dag. Slik som sola gjer det på dagtid. Vi er velsigna med sol heile året. I jula har vi henne i tre kvarter rundt klokka ett til to.
Slett ingen selvfølgje inne i ein vestnorsk fjord, med høge fjell på alle kantar. Vi er svært heldige.
Det er ikkje lenge til det er vår... :) Det er slikt som eg seier for å bli full i magen av viltre sommarfuglar... Eg ELSKAR våren. Eg elskar for såvidt alle årstider, men våren er noko spesielt for meg. Det maximale er å liggje med nasen ned i ein flokk med kvitveis, og snuuuse inn lukta! Herleg!!! Men bevares; no nærmer vi oss jula med stormskritt, og eg ville ikkje ha hoppa over denne høgtida heller! Men påska står også veldig høgt i kurs hjå meg. No skal eg slutte å tyte, og heller nyte.
Velkomen til nokre siste haustinnslag i hagen, før vinteren tek over på rett!












Ha ein fin fredag alle saman!


                        post signature

torsdag 5. november 2009

Tusen takk! :)

Tusen takk for kjekke kommentarar! Eg sette stor pris på dette! Akkurat det eg trengde! Det var ikkje meininga å sutre i går. Men sjølvtilliten er ikkje på topp, og då har eg ein tendens til å bli litt for sjølvkritisk...
Men no har eg tøffa meg opp igjen; kom akkurat inn igjen etter treningstur i måneskin. Kom på opp til fleire gode idèar, og er klar for nye eventyr i morgen tidleg! :)



 Så takk igjen alle damer der ute for at dokke les bloggen min! Ops... kanskje der er nokre interiørbloggemenn også? Er der eigentleg det? Har aldri sett nokon?

Ha ein fortreffeleg torsdagskveld!



post signature

onsdag 4. november 2009

Ein tidleg novembermorgen

Vi har eit alldeles fantastisk vèr for tida her på Sunnmøre. Eg er slett ingen morgenfugl, men i dag måtte eg berre hive meg opp og gå ut for å fange morgenlyset. Det er så vakkert når sola ligg utover alle fjell, og ein har dei flotte haustfargane blenkjande i solstrålane. Det er i ferd med å bli vinter. Så i dag dekkjer eg på ute, og bed deg med på ei kosestund på terrassen.



Den vakre novemberdagen vart ei fullkomen ramme rundt den gamle døra mi, med sjølvdesigna understell. Benken med geiteskinn er varm og god å sitje på. Og havregrynsgrauten kan faktisk godt nytast i det fri, trass i at det er den fyrste vintermånaden. Skal eg vere heilt ærleg, vart eg meir oppteken av lyset og fotograferinga, enn å ete frukost...



Bordet er dekka med litt nytt, og litt gammalt. I beste Elin stil. Er stor tilhengjar av Riviera Maison, og vakre ting frå denne leverandøren går att over alt i huset. Eg er så glad i fargen på flettverket på tallerkenane og korga. Det er farga av leire, og det er vanskeleg å finne to som er heilt like. Uansett; favorittar!



Eit tidleg novembermorgenbord, treng absolutt ein engel også. Denne er veldig arbeidssom, men slapp å halde lys i dag. Synes han er skjønn og passeleg sleten i patinaen. Lerkegreinene er mine storfavorittar, og eg venter berre på at trea skal sleppe alle nålene sine, slik at eg kan plukke endå fleire av dei.



Den gamle døra er eg veldig glad i. Men etter kvart som eg skriv i denne bloggen, så har vel både eg sjølv og andre blitt klar over at eg er veldig glad i mykje rundt meg? Akkurat i dag sakna eg gode vener, og smilande fjes rundt bordet. Men så er det vel ikkje alle forunt å vere fri, sånn som eg, og springe rundt og dekkje bord ute på ein onsdags morgen? :) Men eg fekk veldig lyst til å dekkje opp snart igjen, denne gongen med gjestar!



Levande lys er alltid stemningsfullt, og skaper ei trollsk stemning. Hadde eg vore noko te kjelle, skulle eg ha frakta bordet ned i den flotte granskogen bortanfor huset. Tenk å få ha fotosession der inne i tussmørket! Såg ei flott reportasje i siste Vakre hjem & Interiør, der dei held til ute i skogen. Veldig flott!



Det gamle porselenet på bordet er arvestykker. Eg har ikkje så mange av kvar, men det synes eg ikkje gjer noko. Det er fint å blande ulike tallerkenar og glas. Og så bruker eg mitt nye, enkle stålbestikk til. Har lyst å samle saman gamalt bestikk også. Får vere flink å leite i brukthandlar framover!


Eg har ulike skinn i huset frå sau, ku og geit. Eg likar å bruke desse heile året, men helst ute i hagestova på sommarstid. No fram mot jul flyttar dei innomhus også. Eg er ein frostpist, og då er skinna gode å ha. Herlige i ryggen i sein haustsol, eller når våren kjem att.



Når det kjem til bordpynt; er eg nok einig i reklama som seier at det enkle er ofte det beste. Elskar desse zinkhjerta frå "Emmas Verden". Billege, men du verden kor mykje dei gjer av seg! Eg har festa eit lite snøre i dei. Fine både til å henge opp, eller å leggje i eit stilleben.


Vel, då må eg få takke for meg denne flotte onsdags føremiddagen! Det har vore kjempekjekt å dele disse inntrykka med deg! Skulle ynskje eg kunne hatt nokre av dokke her på frukost ein dag, eg reknar med at vi hadde hatt mykje å snakke om! Og forresten; hadde vore kjempefint om du la att ein kommentar? Merkar at eg er veldig usikker på om eg har meir å by på?  Likte du dagens innlegg?

Ha ein fantastisk onsdag, eg gleder meg til
"Colin og Justin pusser opp" på FEM  i kveld :)




post signature

tirsdag 3. november 2009

Eige design?





Under husbygginga i 98-99, var det mange val som skulle gjerast. Det eg syns var vanskeleg, var interiørdetaljar, som skulle vare lenge. Sånn som design på kjøkken og bad. Eg leste eit godt råd ein gong; at huset utvendig og kjøkkenet skulle harmonere. Dette kan nok absolutt diskuterast! Men for oss vart det eit tradisjonelt Møre kjøkken i heiltre bjørk, som vart kvitmåla hjå produsent. Innreiinga er like fin i dag, litt sprekker i målinga i enkelte av dørspeila, men ellers svært uthaldande i vår småbarnsheim! MEN: kva skulle skjule kjøkkenvifta? Vi såg på ulike kapper (trur det var det dei kalla det?) Men anten var kappene mindre fine, og overkomelege i pris, eller så var dei flotte, og rådyre. Så det enda med at eg teikna ei sjølv, og fekk hjelp av ein snekkar med å setje saman delane. Det vart veldig billeg, og vi har vore fornøgde med resultatet.






Må innrømme at eg vurderte ei rett stålkappe for nokre år sidan, medan minimalismen dundra på alle dører. Men no er eg kjempeglad den opprinnelege held stand. November skal også bli måneden eg fullfører ein nedvask på kjøkkenet. Har så vidt byrja, men må porsjonere litt p.g.a. ryggen min. Ingenting er vel så hus-kjekt som nyvaska tak og veggar! Så tvi-tvi til meg sjølv! :)




God tysdag!

post signature

mandag 2. november 2009

Mormor sin gamle spegelkommode

Som eg sa her om dagen, var eg ikkje heilt ferdig med den runden min ute på gangen. I eine hjørnet står ein blank, svart kommode. Denne har tilhøyrd mormora mi. Mormor var ei stor og myndig dame, med hjarterom større enn husrom... Ho og morfar budde i ei lita arbeiderleiligheit heile livet. Ho var tidleg ute med interiørting; ho måla bl.a. golva sine, og kunne nok hatt ein kjempeblogg med matoppskrifter. Mormor hadde fått denne kommoden til konfirmasjonen sin i 1920. Han stod ute på eit rom, som husa spisestove og forskjelleg andre ting. Blant anna sveivesymaskina, som ho brukte heile tida. Når eg overtok kommoden, hadde han raude, transparente plasthandtak på dei største skuffene. Mormor elska plast. Det var nok spennande med alt det nye som kom etter krigen, og gamle ting var ikkje så aktuelt denne perioden. Det er no berre å lese gamle interiørblad frå denne tida, så ser ein at dei ikkje var opptekne av antikvitetar frå 1800-talet. Eg har prøvd å setje på utdrag meir i stil med dei gamle, som heldigvis framleis er på dei små skuffene. Dei fleste store, gamle møblane i huset har eg kjøpt. Denne er eit unntak. Eg håper englemormor er nøgd med utsjånaden, og at ho er glad skuffene er fulle med sengeklede, gardiner og stoffrestar!

Kva med deg som les denne bloggen? Har du ein slik ting som du har arva, og som er viktig for deg i livet ditt? Eg har lyst å høyre? No skal eg ut å gå og hente meg fleire lerkegreiner!


Ha ein fin og kreativ måndag!


post signature

søndag 1. november 2009

Lyst å bli med på søndagstur?

Ja, då er det berre å hengje seg på! :) Midt i mellom sjukebesøk hjå mamsen, pizzalaging og andre gjeremål, fekk eg tid til ein strålande gåtur! Eg elskar desse minutta med berre meg og vegen. Eg veit aldri heilt kvar eg endar opp når eg startar. Men på grunn av hjortejakta, har eg kutta ut å gå oppe på fjellet. Temmeleg ofte havnar eg oppe på ein gamal gard som er under restaurering. Drøymer om å kunne gjere noko slikt sjølv ein dag? Let meg fasinere av prosessen. Spennande er det å kome innom, og berre konstatere at det har skjedd massevis på berre nokre dagar. Avslappande prosjekt for min del! ;)



Men jammen er det ein kunst også; å setje saman dei gamle fantastiske detaljane, med nymotens materialar og byggjeskikk? Ein skal ha stor respekt for ei bygning, før ein setter i gang med noko slikt. Men det ser ut til at gamle detaljar blir tatt vare på, og at huset er på veg inn i ei ny stordomstid. Eg gleder meg sånn til å sjå det ferdige resultatet!








På veg heim att, går eg også forbi ein uttrykksfull traktor. Han står sånn halvfornøgd inne i ei garasje, og myser på meg med utståande, runde auge. Han ser ut som om han gjerne kunne tenkt seg å bli med ut i frisk luft? Får hinte til han som eig han, at han må køyre ein tur før vinteren kjem? ;) "Snakkar med traktorar". Eg treng vel ikkje ei slik diagnose opp i alt anna eg kavar med! Men no er eg full i magen av pizza, og ganske sigen av all frisklufta som eg var så heldig å supe i meg. Eg håper dokke har ein fin første november; høyrde akkurat ei julereklame på Radio Norge! Vi er i gang, og jammen går det fort mot desember!

Med ynskje om ei fin veke for alle!



                                                                 

lørdag 31. oktober 2009

Ein svinserunde på kjøkkenet

Det er ubeskriveleg godt å vere i laurdagsmodus, i alle fall når huset vart vaska i går... Ellers går eg med dårleg samvet, for det er så kjempegodt å ha eit reint og ryddig hus når det er helg. Eg ser at eg skriv hus... Vel, lat oss seie 1.etg. i alle fall :) Sjølv om draumeprinsen har vore oppe sidan før sju (og det er ok, han bruker å vakne før seks) har vi andre sove sånn i rykk og napp utover morgenkvisten. Det er nydeleg vèr ute. Draumehausten min har endeleg kome! Så etter å ha unnagjort litt handel og anna, blir det moseprosjekt, og ein fjelltur.



Hadde så fine tomatar på kjøkkenbenken i dag, som ropte at dei ville bli tatt bilde av! Det gjorde at eg vart surrande rundt der, og kika på ulike ting. Oppe på kjøleskåpa står ein eignalut som rommer eit minianlegg. Men det er det ingen som ser. Heldigvis er sprekkene i kassa så store, at fjernkontrollen fungerer! :) Må opp på stol for å setje i cd, men det er mest radioen som står på. Ein bunt med sjølvplukka rekved kviler framfor der også. Knytt saman med ein gamal snøre-ende. Det store lyset med tre veikar, er frå Slettvoll.


Eg er stadig like forelska i utklippa mine, som eg har festa inne i glasskapa på kjøkkenet. Synes at alle tinga våre har blitt forandra til det bedre med desse som bakgrunn. Til venstre nede mot stålkoppane, er det ei svane som er i ferd med å lande. Alt her er  bryllupspresangar frå 10 år tilbake. Tinga eg har teke bilder av i dag representerar mykje av stilen i huset vårt; nye saker i stål, blanda med gamle bruksting og antikvitetar av alle slag. Så kan det nok diskuterast blant alle dokke der ute, om det er særleg smart? Vi synes det :)

Koppane på bildet til høgre, er ein del av  eit nytt servise som vi samlar på, Villeroy &. Boch, Vieux Luxembourg. Synes at mønsteret og fargen passar til mange gamle fat vi har, for eg likar å blande gamalt og nytt når eg skal dekkje eit fint bord også. I bakgrunnen i denne skåpa, sette eg opp diverse reklamer for bestikk. Synes at det vart fint sidan dette høyrer til på kjøkkenet. Har også brukt utklipp frå desse blada på zinkboksen med bestikk og tomatar vist øverst her.

Borte i tallerkenhylla, som eg har vist før, har vi gamalt porselen, også frå Villeroy &. Boch, og mange andre raritetar. Blant anna ei kjøkkenvekt, som har fått nye vener i det siste. Dei nydelege, små lysa er kjøpt hjå "Emmas Verden", ein butikk eg blir glad av å tenkje på! Gleder meg sånn til neste gong eg skal på besøk dit!




No har eg brukt veldig lang tid på dette her? Har tatt i bruk den nye versjonen med større bilder, og eg er rimeleg ute på bærtur? Men øving gjer meister? Lat oss krysse fingrane for det! Eg er nok tilbake i morgon, med litt søndagsnytt! ;)


Håper at de alle får ein flott laurdag; det har i alle fall eg tenkt å ha! :)




 ♥

fredag 30. oktober 2009

Eit ærleg innlegg, ein herleg fredag...



Så var det fredag, igjen. For ei som ikkje er i arbeid, blir ikkje vekefølelsen slik som når ein kavar på og er tidleg oppe heile veka. Eg tar dagane i mitt eige tempo, og tenkjer at det er ein fantastisk ting å kunne gjere. Eg har vore sjukmeld i snart to år, men håper å kome ut i arbeid igjen denne vinteren. Det er mange ting som er trasig når ein ikkje er frisk. Dårleg samvet for alt ein ikkje får gjort på jobb, lite energi til å ha eit kjekt familieliv, med null overskot, der krangelen ofte førekjem med store og små. Det å ikkje orke å ordne opp i huslege ting, sånne mammaoppgåver som ingen andre enn eg ser. Og då blir det heller aldri gjort noko med.


Når eg starta opp med blogginga, var det for at eg ville ha ei fast oppgåve kvar dag. Noko som var berre mitt, og som gav meg ein forpliktande status. Eg tenkte slett ikkje at eg skulle klare å lage eit innlegg kvar dag, men sidan dette er så lystbetont, har det vorte slik. Eg har ingen tvangstankar rundt det, eg gleder meg stort kvar morgen til å finne på eitt eller anna. I tillegg har kreativiteten eksplodert i løpet av denne perioden. Det er ingen tvil om at bloggane eg har lært å kjenne er ei gullgruve for meg mentalt. Det å kommunisere med andre med same interesser, og å få gode idèar. Sjølvtilliten har vore på minus 100 lenge, og eg har ikkje hatt overskot til hobbyane mine. Dette har forandra seg totalt. Og eg er overraska over kor glad eg blir for koselege kommentarar og "smil" frå medbloggarar? Var ikkje så oppteken av dette når eg starta. Men merker at det er det første eg sjekkar når eg kjem inn på sida. Og eg har blitt litt kjent med nye, flotte menneske, og fått "nye vener".



Eg hadde eigentleg bestemt at eg ikkje skulle vere så personleg her inne, men no har eg visst vore det likevel? :) I følge teljarane mine, stoppa alle besøk hit i forgårs. Men har fått kommentarar etter dette, så då er det vel helst krøll med HTML kodane igjen? Som eg har lært meg å bli så glad i? :) Veit at her er folk som les bloggen, uten å ha ein slik sjølv. Det er visst mogeleg å leggje att kommentar, ein berre trykkjer på anonym? No kan det hende eg skrønar... Sidan eg var så ærleg i dag, vil eg gje dokke visuelle hjerter i gåve. Dette er ein rask gange gjennom huset, ein nydeleg fredags formiddag, seint i oktober... Eit lite utval frå meg til alle der ute :)




Ha ei flott helg, alle saman! <3