Hei! Her har det vore stille i dag... Pc`en kom med eit virusvarsel i går ettermiddag. Eg køyrde eit program for å ordne opp, men sjølv om alt såg ut til å vere i orden, kom det stadig opp nye feilmeldingar. Så i dag måtte min gode pc til spesialist. Heldigvis har min kjære ein kollega som kan mykje om slikt, og han har styra og stella for å ordne opp. Alt skal vere OK. Det var det nok i går også, men feilmeldinga har hengt seg opp, og vil vere her til neste oppdatering. MEN: eg ville ikkje risikere å gjere noko gale,og har difor ikkje fått vore innom alle dokke snille som legg att kommentarar! Så TUSEN TAKK! :) Helgavasken var ikkje den same uten musikken min, bloggepausane og alle smila som vanlegvis sprett opp i løpet av dagen. Men FOTOAPPARATET svikta ikkje! I dag har eg rett og slett gått ein tur rundt i hovedetasjen og tatt bilder. Har måla eit strøk til på utgangsdøra, og må nok ha endå eitt. Men FOR ein forskjell!
Og så lurer eg så veldig på; kvifor har eg ikkje gjort dette før???
Fredagskvelden er her! Eg ynskjer dokke
alle ei velsigna god helg! :)





























