Hei alle gode der ute! :) Tusen takk for al responsen også desse siste dagane! Eg gleder meg til å åpne bloggen kvar gong eg setter meg ned, for eg veit at der er maaange koselege helsingar! Og ekstra kjekt er det at stadig nye navn dukkar opp! Eg prøver å gjere eit gjenbesøk til alle, så unnskyld viss eg har gløymt nokon! Gje meg eit hint! Eg har ikkje vore flink å minne om GiveAwayen denne gongen... MEN: EG HAR EI TREKNING PÅ GANG! :) Når teljaren når 15.000 trekkjer eg ei heimelaga ramme, med Jeanne d`Arc knottar, litt shabby chic og sleten. I tillegg gir eg premie til fyrste som legg att ein kommentar som nr. 15.001 :) Skriv då på siste innlegget, at akkurat DU var her då! Dette kan skjere seg noko so gale, men eg satsar på at det går bra! Trykk
HER dersom du vil melde deg på! Forresten; premie nr.2 er under arbeid. Bilde kjem etter kvart...
Varmepumpa jobbar som ein helt. Heile første etasje og loftstova i andre etasje blir oppvarma. Men det var noko trykking og prøving i går kveld, før vi fann ut av teknikken. Men det viste seg å vere enkelt å manøvrere herlegheita. I dag har eg kosa meg på rommet til draumetausa, og tatt bilder til bruk i
Foreldremanualen sitt månadstema. Sjølvsagt skal eg dele dei med dokke også :) Men no er det hentetid for barnehageguten, og middag etterpå. Så det får vente til i morgen! Nokre prøvebilder er klare. Av pianoet tausa fekk i julegåve, kjøpt på
Emmas Verden. Eg ventar på vår, ikkje noko å leggje skjul på... Og grøne spirar av alle slag pregar huset. Men er dei ikkje vakre? Innpakka i gamle gramatikksider frå 1910.
Kanskje ein gåveidè?
Ta deg tid å drøyme om våren du også... Å liggje midt i ei kvitveiseng, å snuse inn den friske, nye lukta, og snu seg over på ryggen, og berre nyte skyene som rullar over himmelen... Det er ikkje lenge til...
God tysdag!