Eg har via denne veka til frost og kulde, og varmen ein kan finne i desse elementa. Ein gnistrande kald morgon i min Sunnmørsfjord, har gitt meg neglebit, men fyllt hjertet mitt med varme nok for resten av vinteren. Tusen takk for alle gode ord og kommentarar siste dagane. Det varmar mest av allt! Veldig kjekt at nye, ukjende fjes og bloggarar legg att spor! Bli med til draumemorgonen min...
fredag 8. januar 2010
torsdag 7. januar 2010
onsdag 6. januar 2010
tirsdag 5. januar 2010
Vannmerke à la Elin :)
Her kom det visst eit innlegg til frå meg :) Har prøvd å finne ut av dette med vannmerking av bilder. Litt innvikla, sidan eg ikkje har programma som blir anbefalt. Har difor laga mitt eige. Eg fekk eit tips frå AnettesHus.com om widget som hindra at ein kan høgreklikke på bilder og kopiere direkte frå bloggsida. Men eg har ikkje klart å unngå at ein kan forstørre bilda, og dermed få tilgang til div. funksjonar. Legg ut bilder av draumeborna, så får dokke sjå kva dokke synes. Kjem kanskje til å ta bort bildet etter kvart, men nyyyt desse to goingane, dokke som er innom :) Bildet var med på årets julekort.
Sjåast i morgon! Har eit prosjekt på gong. Første forsøk var håplaust misslukka. Men prøver igjen... ;)
Frostrøyk på fjorden...
Så kom sola igjen, og kulden... Det riv så godt i nasen, og kinna kjennast glatte og livlause. Men du store all verda kor vakkert! Eg er i draumeverda på rett! Trea er tunge av snøv, som ser ut til å skulle dette av når som helst. Frosten driv på fjorden, noko som skjer svært sjeldan her. Utanfor kjøkkendørene, har ein skavel flytta inn på terrassen. Sypress og lyslykt er borte for lengst. Berre nokre toppar av kvit bomull vitnar om at der er noko under der ein stad... Og ute i alt dette kalde, står to kjekke karar og smiler. Med hjertet på bringa, og glimt i augene. Dei veit kor glad eg er i dei, for dei har vore her i snart ti år, og smiler i vinduskarmen heilt fram til påske. Vinterpynten min :)
Håper dokke ikkje frys der ute i norges vidstrakte land!
Tusen takk for gode ord og enorm respons siste dagane! DET varmar veldig i hjertet mitt :)
mandag 4. januar 2010
Seal, snøv og tulipanar :)
Hei alle mine lesarar! Eg skal innrømme at kreativiteten ikkje er den største i dag, etter ein morgen der små og store var trøytte, og litt oppgitte over at kvardagen var på plass igjen... Lillebror var IKKJE tenkt seg på barnehagen i alle fall. Draumetausa klarte å glede seg "litt" til skule. Mc.Dreamy hadde nok med å måke fram eine bilen... Her SNØVAR!!! Og snøvar... Men som sagt; kaldvèret skal vere tilbake allereie i morgen. Så eg trur alle med rørproblemer i husa sine, er glade for at vi får litt naturleg isolasjon frå naturen si side, før kvikksylvet rasar ned mot tjue minus? Eg hadde litt vinterreingjering her inne på bloggen også i går kveld. Og oppdaga at teljaren min hadde tre mnd. bursdag i dag! Den har snart tellt 9000 besøkjande. Og det er eg veldig fornøgd med! Må vel ha ein ny GiweAway på 10.000? ;) Ellers meiner eg ikkje å plage deg med musikken min her inne. Eg er berre så frykteleg avhengig av musikk i livet mitt... Men det er berre å trykkje på spelaren til venstre øverst, viss du ikkje likar tonane eg har her. Musikksmaken min omfattar nesten alle sjangrar. Alt ettersom humøret mitt er :) Her inne er eg drøymande, og då blir tonane også det. Det kan ofte innbefatte gode minner, sånn som If You Don`t Know Me By Now... Denne er utgjeven på nytt av Seal, men originalen med Simply Red gjev meg vårassosiasjonar... Og det treng eg i stor monn kjenner eg!
Så som i går, blir det litt lette og lyse bilder frå meg i dag :)
Så som i går, blir det litt lette og lyse bilder frå meg i dag :)
Ha ein forteffeleg måndag, og om du slit med å kome i gang etter ferien; finn ut tre ting du gledar deg veldig til i det nye året! Og viss du er som meg, surf litt på You Tube, og finn att nokre gamle, gode sangar som får fram smilet om munnen! Og tips nummer tre: be famile eller vener på nyttårsfest ei av dei første helgane i januar! Og sørg for å flire nok, kanskje det viktigaste middelet for å overleve mørketida!
Tra-la-la! :) No vart i alle fall eg i bedre humør! Denne blogginga er magisk!
Skal gå og finne på noko kreativt! :)
søndag 3. januar 2010
Draumar om vår...
Etter midnatt fekk jula fart på seg, ut dører og vindauge, og opp i kasser... Reisa mot mørkeloftet har fortsett i dag, og no er alt lett og lyst... Eg kjøper alltid blomar desse vekene etter nyttår, for å ha noko ekstra å glede meg over. Og no har eg lyst å dele kjensla av vår med deg! :)
Ute snøvar det igjen, men det er meldt draumevinter med klar sol og nesten tjue minusgrader om nokre dagar... Gjett om eg gleder meg! Trur eg skal prøve skiene for fyrste gong på over to år... Og kameraet blir med i sekken. Så du får deg nok ein tur på fjellet du også, her inne på bloggen i alle fall :)
KLEM FRÅ MEG!
lørdag 2. januar 2010
Andre januar! :)
Etter ein travel dag ute av huset, er vi endeleg heime igjen! Vi har bl.a. vore på besøk, og ete grillmat! Verten stod ute i ti kalde minus, og laga kjempegod mat til oss! (Vi sat inne ved peisen og såg på...) Berre å late att augene og drøyme om sommar når vi åt... Men vinter er det, og blir det nokre månedar til! Skulle gjerne vore heime og vaska ut jula i dag, men det får bli i morgen eller på måndag. Men her er enkelte ting som skal få liggje framme; sånn som den gamle albumen eg fann før jul. Eg ser meg aldri mett på desse korta! Dei er så vakre! Den gamle handskrifta på dei, gjer dei til historiske minner frå ei svunnen tid... Eg har gått gjennom alle i jula, og oppdaga at desse to eg viser i dag, nok er frå ein serie? Så koseleg å sjå at den vesle jenta lærer dokka si å sitje rett ved bordet, og å be for maten :)
Korta er frå rundt 1900.
Korta er frå rundt 1900.
Ha ein fin fin laurdagskveld! :)
fredag 1. januar 2010
Abonner på:
Innlegg (Atom)























