Trettande desember kom til oss med regn. Og det er så uvanleg no, at eg liksom punkterte... Men så kom eg inn på bloggen her etter frokost, og såg at eg hadde vunne hjerte frå
Drømmen om en eplehage! :) Kva i alle dagar er det som skjer? :) Eg har IKKJE vinnarlukke, så eg smiler frå øyre til øyre! Denne veka har vore prega av den eine overraskelsen etter den andre! Jul på forskot... ;) No har vi vore på juleverkstad i grendahuset. Så mange flinke born, at eg er heilt imponert! Eg melde meg friviljug til lussekattbaking; for eg er som kjent ein ræser med deig! (dette var ironi, viss nokon lurer!) Men lillebror måtte vere heime. Feberen vil ikkje sleppe taket. Han fekk seg ein lussekatt no når eg kom heim, og så reiste pappa i huset opp for å vere saman med storesyster. Ho er forresten glad for at så mange kommenterte bilda av henne! Tusen takk for alle gode ord! :) Så for å la lillebror også ta del i dagens dato; vart vi einige om at han kunne vere Lucia her heime. Og det vart ei kjekk stund.
LUCIA kan du lese om her, wikipedia har fleire versjonar om kvifor vi feirar trettende desember. Santa Lucia leid martyrdøden, og ein liten stallgut såg drapet, og måtte bøte med livet sjølv.
Svart senker natten seg i stall og stuer. Solen har gått sin vei, skyggene truer.
Inn i vårt mørke hus stiger med tente lys Sanc-ta Lu-ci-a, Sancta Luc-cia.
Natten er mørk og stum. Med ett det suser i alle tyste rum som vinger bruser.
Se, på vår terskel står hvitkledd med lys i hår Sanc-ta Lu-ci-a, Sancta Luc-cia.
"Mørket skal flykte snartfra jordens daler." Slik hun et underfulltord til oss taler.
Dagen skal atter nystige av røde sky Sanc-ta Lu-ci-a, Sancta Luc-cia.
Tenn lys!
Tre lys skal flamme for alle som må sloss.
For rettferd og for friheit. Dei treng hjelp av oss.
Må ingen miste motet før alle folk er ett.
Tenn lys for dei som kjempar for fridom og for rett.
Ha ein fredfull kveld!
♥