Det ser ut til at sola skal kome fram igjen i morgen, så sjølv om regnet har gitt seg, blir det eit inne-innlegg i dag også. Alle i heimen er i søndagsmodus. Det er godt å gjere som ein vil; og vi har ganske ulike interesser :) Men alle ser ut til å vere nøgd med sitt eige styr og stell, og ingenting er betre enn det! Draumeprinsen har funne fram tusjane sine, så der er ikkje eit knyst eingong frå den kanten! Mc.Dreamy les aviser, og draumetausa er ute på besøk hjå veninner.Og mor sjølv... dokke kan no lure på kva ho gjer når ho får fred og ro... ;) Kameraet heng i alle fall rundt halsen, og så er det eit styr ei lita stund. Men ikkje så lenge. Eg er ei veldig rastlaus sjel, med lita trott... Så når nokon spør om eg bruker heile dagane mine på blogginlegga, så er nok det heilt feil. Men det er SÅ kjekt! Akkurat no når eg skal sjekke dagens fangst, har eg sommarfuglar i magen. Er der noko blinkskot? Eg har laga eit kremmerhus av hønsenetting, inspirasjonen fann eg hjå Magny! Supre idèar kjem trillande på rekkje og rad frå den flinke dama! Setter utruleg stor pris på Magny sine mange smil og gode ord! I dag er det peparkaker i kremmarhuset, men dei er ikkje heimelaga... Litt tidleg for julebakst enno synes eg. Elles er det gamle brusflasker som poserer, saman med andre kjære ting i ei nyinnkjøpt setjekasse. Håper du har fått litt julestemning, det har eg! Men eg trur det var lukta ta levande lys og peparkaker som gjorde utslaget i dag! :)
Ha ein kjempefin sundag alle saman!

































